AaFK starta også best denne fine marskvelden i Ålesund, og tok leiinga på eit skot frå skrått hald etter 35 minutt. Vestnes Varfjell kom sterkare utover i kampen og utlikna på straffespark. Alexander Connor forfulgte ein retur og vart felt av keeper. Vegard Ellingseter sette inn straffesparket.

 

Andre omgang er berre å setje ein stor strek over. Då fungerte lite og AaFK sprang frå våre gutar gang på gang, samtidig som dei var flinke til å utnytte våre feil. 

 

Uggutane frå AaFK trener 7-9 gongar i veka, medan våre gutar berre har 2-3 økter i gjennomsnitt. Denne forskjellen vart meir og meir synleg utover i kampen og spesielt i andre omgang på den svære Color Line stadion.

Snakka med spelarutviklar Reidar Vågnes i AaFK under kampen. Han hadde mange lovord om 92-årgangen frå Ålesund og omegn som skal utgjere stammen i AaFK 2 i 3. divisjon no i 2009. 8-9 av dei som var med på laget mot VVIL var 92- modellar. Vågnes har i haust og vinter hatt 40-50 samlingar der både Sykkylven og Stranda i tillegg til Aksla og Spjelkavik har fått besøk av spelarar rundt bylaget og der trenarar frå AaFK-miljøet har delteke. Dette har bidrege til at det er blitt stort for spelarar å stille i orange for junior og AaFK 2 - samtidig som dei ser at eliteserielaget gir muligheiter for yngre og lokale spelarar både for hospitering i treningsarbeidet og i kampar.

 

Kampfakta:

Aalesund 2/jr - Vestnes Varfjell 10-1 (1-1)

Treningskamp

Torsdag 19. mars 2009 kl 20.30

Color Line Stadion

25 tilskuarar

Mål:
1-0 35 min
1-1 Vegard Ellingseter, straffe 40 min
2-1 50 min
3-1 52 min
4-1 56 min
5-1 60 min
6-1 69 min
7-1 73 min
8-1 76 min
9-1 80 min
10-1 85 min

Dommar: Torgeir Halsen, Åheim 

Gule kort: Jørgen Gravdehaug ? min og Elling Olafsen 76 min

Vestnes Varfjell (4-3-3): Arild Mundal, Simen Brennvik, Ørjan Tangen, Yngve Solevågseide, Thomas André Brastad - Jørgen Gravdehaug, Alexander Connor, Vegard Ellingseter - Tommy Kanishi Andreassen, Elling Olafsen, Svein Erik Gregersen

Innbytte;
Svein Eril Lange Male for Alexander 53 min
Svale Leren for Arild Mundal 60 min
Tarjei Bjermeland for Tommy Kanishi 65 min
Martin Lange Sylte for Thomas Brastad 65 min