Vestnes Varfjell må håpe på ei hjelpande hand frå KBK 2 om det skal bli opprykk.

Vestnes Varfjell tapte opprykket til 4. divisjon med minst mogleg margin, men kan no få ein ny sjanse til å ta steget opp.

Grunnen er at Smøla/Aure ikkje kunne stille lag i siste serierunde i 4. divisjon borte mot Dahle fredag. Dette var andre gong samarbeidslaget uteblei i år (stilte heller ikkje borte mot Åndalsnes), og etter reglane skal dei dermed bli flytta ned ein divisjon. Dette var omtalt både av avisene Driva og Aura Avis før helga, begge hadde sitat frå kretsen om at dette ville bli utfallet. (I skrivande stund er dei framleis ikkje strokne frå tabellen)

Normalt hadde SmølaAure kunna berga plassen sjølv om dei endte sist med berre to poeng, vel å merke om Kristiansund BK 2 vinn opprykkskvalifiseringa. No blir det i staden ein ledig plass om KBK 2 rykker opp. Nærast til å ta denne er Vestnes Varfjell, som altså vart nummer to i 5. divisjon, skriv Tidens Krav tirsdag. 

Men først må altså Nordmøre og Romsdal gå sigrande ut av kvalifiseringskapane mot Sunnmøre for ein ledig opprykksplass til 3. divisjon. Dei møter Stordal/Ørskog heime måndag 2. november før det heile skal avgjerast i Stordal søndag 8. november.