(Vestnes Varfjell - Malmefjorden 13-1) Vestnes Varfjell vann stort i siste serierunde i Vestnes idrettspark laurdag. Det var dessverre ikkje nok, og må må berre gratulere Bud/Bryn med opprykket etter at dei vann sin kamp mot Kårvåg/Havørn/AK heile 15-0.
Målskårarar: Florian Hill 3, Didirk Sæter 2. Casper Andreassen 2, Tommy Kanishi Andreassen 3, Tor-Bjarne Løvik Salte, Leo Krogseth 2 og Henrik Tomren.
Berre eit mål skilde laga før siste serierunde. Det var venta at Bud/Bryn ville få lett motstand sidan dei møtte det som i praksis er Averøykameratene 2 samtidig som AK 1 spelte kamp i 4. divisjon. Dermed var det viktig å skåre så mange mål som muleg for å gå forbi på målfoskjellen.
Florian Hill fekk sjansen frå start og tok godt vare på den. Alt etter eit minutt hadde tyskarken sett ballen i nota. Så utlikna gjestane, før heimelaget skåra jamnt og trutt til leiing 7-1 ved pause. I denne perioden vart også gjestane redusert til 10 mann etter at ein spelar fekk sitt andre gule kort. Dessverre var det ikkje nok, då Bud/Bryn også hadde skåra seks i sin kamp.
Etter pause kom neste skåring kjapt, men så var det ein lang periode der heimelaget brenta mange sjansar. Mot slutten lausna det igjen slik at det til slutt sto 13-1. I mellomtida kom meldingar frå Hustadvika om at Bud/Bryn sprengte alle grenser og ikkje gav seg før det sto 15-0 i sin kamp.
Sjå alle skåringane i VarfjellTV:
Det var ein skuffa, men fatta Varfjell-gjeng etter kampen.
Trenarduoen Tommy Kanishi Andreasen og Kristian Flittie Onstad var skufffa på vegne av spelarane.
- Seks seierar og ein uavgjort skal normalt vere meir einn godt nok til å rykke opp, sa dei mellom anna. Sjå intervju under:
Bildegalleri under
Vestnes Varfjell - Malmefjorden 13-1 (7-1)
5. divisjon Nordmøre og Romsdal, laurdag 17. oktober 2026 kl 14
Vestnes idrettspark, 110 tilskuarar
Mål:
1-0 (2) Florian Hill
1-1 (9) Erlend Hagås Sørengen
2-1 (16) Florian Hill
3-1 (20) Casper Rolf Hellstrøm Andreassen
4-1 (31) Casper Rolf Hellstrøm Andreassen
5-1 (34) Florian Hill
6-1 (42) Tor-Bjarne Løvik Salte, straffespark
7-1 (44) Didrik Selnes Sæter
8-1 (47) Tommy Kanishi Andreassen
9-1 (66) Leo Villa Krogseth
10-1 (71) Tommy Kanishi Andreassen
11-1 (74) Tommy Kanishi Andreassen
12-1 (91) Henrik Leao Tomren
13-1 (92) Leo Villa Krogseth
Dommar: Henning Nygård, Ørsta Idrettslag
Assistentdommarar: Kåre Bergset, Elnesvågen og Omegn Idrettslag og Ola Magne Nordvik, Idrettslaget Søya
Raudt kort: Ragnar Sporsem, Malmefjorden, to gule (44)
Gult kort: Kristian Flittie Onstad, Vestnes Varfjell (79). Ragnar Sporsem (40), Isak Meland (41), Lars Joar Inderberg (62), Malmefjorden
Vestnes Varfjell (4-3-3):
12 Egil Dalhaug (k)
9 Magnus Nerheim
22 Torstein Væge Nekstad
27 Kristian Flittie Onstad
45 Cédric Ronnie Hellström Andreassen
7 Tor-Bjarne Løvik Salte
10 Leo Villa Krogseth
24 Didrik Selnes Sæter
90 Casper Rolf Hellstrøm Andreassen
17 Florian Hill
80 Tommy Kanishi Andreassen
Innbyttarar:
15 Carlos Felipe Gonzalez (ubenytta)
2 Håkon Ødegård Kjørvik 81. min for Hill
5 Jo Sigurd Vold (ubenytta)
11 Sverre Olgar Lindset 72. min for Casper Andreassen
25 Henrik Leao Tomren 72. min for Nerheim
(Nerheim inn igjen 86. min for Onstad)