(Hjelset-Kleive - Vestnes Varfjell 1-4) Vestnes Varfjell gjorde jobben i bortekampen mot Hjelset-Kleive laurdag. Dermed er det framleis berre målforskjellen som skil i toppen av 5. divisjon etter at Bud/Bryn sin kamp mot Malmefjorden.

Vestnes Varfjell sleit lenge med å finne nettmaskene i ein kamp dei dominerte frå start til slutt på Opdølbanen.Så lausna det og mål av Didrik Sæter 2, Knut Stian Eik og Torstein Væge Nekstad sørga for klar seier. Laget brente også fleire sjansar.

Dessverre fekk vertane eit trøstemål sju minutt på overtid noko som gjer at Bud/Bryn er eitt mål og fleire skåra mål føre før siste kamp.

Laurdag om ei veke skal det heile avgjerast, då tar Vestnes Varfjell imot Malmefjorden i Vestnes idrettspark. Bud/Bryn tek imot Kåvåg/Haværn/Averøykameratene. Begge kampar har avspark klokka 14.

Bildegalleri kjem i løpet av kvelden

KAMPFAKTA

Hjelset-Kleive - Vestnes Varfjell 1-4 (0-1)

5. divisjon Nordmøre og Romsdal, laurdag 10. oktober 2026 kl 14

Opdølbanen, 50 tilskuarar

Mål:

Dommar: Morten Andresen Parelius, FCK

Assistentdommarar: Kåre Bergset, Elnesvågen og Kurt Einar Ansnes, Kvass/Ulvungen

Gult kort:

Vestnes Varfjell (4-3-3):