Det blir kontiunitet på trenarsida i Vestnes Varfjell også når laget er tilbake i 4. divisjon. Tommy Kanishi Andreassen held fram som trenar saman med Kristian Flittie Onstad. Begge har vore spelande trenarar. Robert Lindgren held fram som fysisk trenar, Jo Sigurd Vold og Bård Olav Hjelvik er oppmenn.
Tommy Kanishi sa dette til Bygdebladet etter at opprykket vart klart sist helg:
– Vi har så smått begynt å leggje planar for neste sesong. Denne veka skal vi ha eit spelarmøte, og eg har så langt ikkje fått signal om at nokon har tenkt å gi seg. Vi vil òg sjå på moglegheita for å forsterke spelarstallen utanfrå.