Magnus Nerheim og Knut Stian Eik jublar for skåring mot Malmefjorden i 2024.

Blir det opprykksjubel eller fortviling og ny sesong i 5. divisjon? Laurdag skal det heile avgjerast. Vestnes Varfjell og Bud/Bryn står heilt likt med 46 poeng før siste kamp, berre eit plussmål skil i favør laget frå Hustadvika.

Vestnes Varfjell har også skåra sju mål mindre, slik at dei i praksis må vinne med to mål meir enn konkurrenten.

Begge lag har heimekamp: Vestnes Varfjell møter Malmefjorden, som ligg på 4. plass. Bud/Bryn tek imot svakare plasserte Kårvåg/Havørn/Averøykameratene i deira siste kamp før det neste år blir full fusjon til Averøy FK. Verdt å merke seg er at Averøykameratene spelar kamp i 4. divisjon samtidig laurdag.  

Magnus Nerheim og Knut Stian Eik jublar for skåring mot Malmefjorden i 2024.

Uansett: Ikkje noko er avgjort, så her gjeld det å mobilisere. Møt opp og støtt laget i årets siste og avgjerande kamp! Avspark i Vestnes idrettspark er klokka 14.

Slik ser tabellen ut før siste serierunde i 5. divisjon Nordmøre og Romsdal:

  Lag K V U T Mål Diff P
1 Bud/Bryn 17 15 1 1 65 - 21 44 46
2 Vestnes Varfjell 17 15 1 1 58 - 15 43 46
3 Batnfjord 17 11 3 3 55 - 27 28 36
4 Malmefjorden 17 10 1 6 55 - 32 23 31
5 Molde 3 17 8 2 7 52 - 32 20 26
6 Hjelset-Kleive 17 6 1 10 23 - 39 −16 19
7 Kårvåg/Havørn/AK 17 5 1 11 29 - 64 −35 16
8 Måndalen 17 4 2 11 24 - 48 −24 14
9 Nordlandet/Frei 17 3 0 14 23 - 59 −36 9
10 Dahle 2 17 2 0 15 24 - 71 −47 6