
Connor ønskjer Nakken velkommen. (Foto: GS)
Begge dei to er aktuelle for ein overgang, opplyser sportsleg leiar Geir Åge Sylte til varfjell.no.
Både han og trenar Alexander Connor er glade for å ha sikra seg signaturen til Frank Nakken som skåra 21 mål i 5. divisjon i fjor på eit lag som låg langt nede på tabellen.
Dette blir andre gong i karriera at Frank Nakken spelar for Vestnes Varfjell. Han rakk å skåre fire mål på fem kampar då han var utleigd frå MFK hausten 2003.