Knut Stian Eik sendte Vestnes Varfjell i føringa med eit velplassert skot like etter pause, men Tomrefjord utlikna heilt på slutten. 300 tilskuarar fekk sjå eit lokalderby prega av få sjansar og mange tette duellar.
- Surt at seieren glepp heilt på slutten, så slik sett føles det litt som eit tap, seier Varfjell-trenar Alexander Connor etter kampen.
Uavgjort var greit resultat slik kampen utvikla seg. I første omgang skjedde det lite. Begge lag var mest opptatt av å forsvare seg. Det næraste ballen var i mål var då ei klarering frå Svein Erik Lange Male landa oppå tverrliggaren. Erlend Søberg hadde eit par avslutninger for heimelaget, men Svein Erik Lange Male og keeper Owen Connor fekk redda unna.
Andre omgang vart meir innhaldsrik. Heimelaget hadde den første sjansen ved Erlend Søberg, men keeper Owen Connor fekk fingertuppane på avslutninga. Så var Knut Stian Eik farleg frampå på ein corner i andre enden, før same mann vart spelt fram av Elling Olafsen. Først sprang han opp og lurte av oppassar Tom Tomren og kom aleine med keeper. Spissen gjorde ingen feil og sette ballen kontrollert forbi Sander Dahle i heimelagets bur. 0-1 til stor jubel både ute på bana og dei mange på tribuna som heldt med dei mørkeblå.
Eik hadde ein stor sjansen også like etter, men denne gongen var keeper Dahle med på notane og redda skotet frå å snike seg inn ved stolperota.
20 minutt av omgangen var spelt då Tommy Kanishi Andreassen var nære utlikning mot gamle lagkompisar, men headinga gjekk i bakken og over mål. Same mann vart blokkert av Svein Erik Lange Male ti minutt etter. Midtstopparen hadde ein stor dag i Varfjell-forsvaret som rydda unna det som kom frå eit stadig meir desperat heimelag.
Det såg ut til å kunne gå mot ein deilig derbyseier på bortebane, men fem minutt før full tid glapp det. Eit innleg/framspel frå Tom Tomren stussa i bakken og vidare innom Håvard Taklo som heada ballen over keeper til 1-1 og utlikning.
Kampen var elles prega av ein del tøffe dueallar og mykje klaging på dommarane. Tomrefjord-trenar Kristian F. Onstad fekk gult kort for sine meldngar.
Neste kamp er heime mot Eide fredag 26. mai kl 19.
KAMPFAKTA
Tomrefjord - Vestnes Varfjell 1-1 (0-0)
4. divisjon Nordmøre og Romsdal, laurdag 20. mai 2023 kl 15
Tomrefjord stadion, ca 300 tilskuarar
Mål:
0-1 (54) Knut Stian Eik
1-1 (85) Håvard Taklo
Dommar: Terje Sorthe, Hjelset-Kleive
Assistentdommarar: Henning Sunde, MFK og Fredrik Røstberg, Rival
Gult kort: Tor-Bjarne Løvik Salte (17), Elling Olafsen (44), Vestnes Varfjell. Thomas André Brastad, Krisitan Flittie Onstad (trenar), Tom-André Tomren, Tomrefjord.
Vestnes Varfjell (3-5-2): Owen Connor: Svein Erik Lange Male, Tor-Bjarne Løvik Salte, Magnus Nerheim - Juan Richard Larsen, Elling Olafsen (Noah Johansen 90.), Amund Stavem (k), Leo Krogseth, Lucas Våge - Adrian Kosinski, Knut Stian Eik (Lars-Helge Lien 79.)
Bildegalleri (klikk på eit bilde for å starte album-visning):