Vestnes Varfjell fekk lite til å stemme og tapte 1-2 mot hardtkjempande Midsund fredag. Svein Erik Lange Male reduserte på slutten. Det vart ein tett og jamn kamp der Midsund var hakket betre. BILDEGALLERI HER
I intervju med VarfjellTV, som du kan sjå i videovindauget under, kan du høyre begge trenarane konkludere med at det var ein tett og jamn kamp som bikka i bortelagets favør.
- Me manglar den aggressiviteten me har hatt i dei to første heimekampane. Det er lite kommunikasjon og prat, seier Varfjell-trenar Alexander Connor
Om tida fram til neste kamp, lokalderbyet mot Tomrefjord laurdag, seier han:
-- Me må berre jobbe vidare med det me har gjort til no, og få betre kvalitet på det. Me må ta vekk "rusket" som var i dag, for dette var ikkje likt oss. Me har vore veldig bra i presspelet, men det fekk me ikkje til i dag. Og så må me sette sjansane våre. Me har vel tre store før Midsund putta. Hadde me satt dei, hadde det blitt ein heilt anna kamp. Det var dårleg av oss å ikkje "blåse" desse i mål.
Kampstart var utsett til 19.15 sidan Møreaksen enno ikkje er bygd og midsundingane måtte få det til å klaffe med to ferjer.
Etter ein sjansefatting start tok det seg opp då 20 minutt var spelt. Heimelaget hadde då ein god periode med fleire store sjansar. Først skulle Elling Olafsen hatt straffespark då Midsund-keeperen boksa ut ballen, men samtidig planta kneet i skuldra til spiss-veteranen. Dommar stoppa spelet for muleg hodeskade, men nøyde seg med å droppe ballen. Her var Midsund heldige som slapp straffe og raudt kort.
Like etter heada Larsen til Kosinski, men ballen kom for brått på nære dørlinja via keeper, og spissen greidde ikkje å tre ballen på rett side av stolpen
Så fann Leo Krogseth Adrian Kosinski, men avslutninga "sklei" av foten og hamna utanfor. Så fekk Kosinski treff, men skotet vart redda, og flagget var vel også oppe..
Den største sjansen hadde likevel same mann etter 30 minutt då han snappa eit tilbakespel og kom aleine med Midsund-målvakta. Avslutninga gjekk dessverre over. Flagget var oppe, men det ville ha vore feil då det såg ut til at ballen kom frå motspelar.
Dette gav høglydte og hardtkjemande gjestar energi til å ta over banespelet inn mot pause. Midsund fekk lett spel i 16-meteren og Zakki Godø sendte Midsund i føringa med eit skot som gjekk inn ved stolperota fem minutt før halv tid. Målet kom på eit tidspunkt der heimelaget var ned i ti mann fordi Amund Stavem måtte ta ein liten time-out på grunn av ein skade. Midsund hadde også ein stor sjanse der Owen Connor hindra skåring slik at det sto 0-1 ved pause.
Midsund starte også beste i andre omgang, der Owen Connor igjen måtte i aksjon. Far og trenar Alexander Connor forsøkte med fleire bytte og endringar på lag og formasjon utover i omgangen, men det var lite som stemte for heimelaget. Midsund, som har hatt dårleg uttelling med eitt poeng før denne kampen, gav klar beskjed om at desse poenga skulle med heim til øyane. Med 20 minutt att å spele sto det 0-2, etter at ballen litt tilfeldig hamnar i beina på Erlend Blø som set ballen forbi keeper frå kloss hald.
No hasta det for heimelaget om dei skulle få noko ut av denne kampen. Elling Olafsen skulle kanskje hatt straffe igjen då han gjekk i bakken i ein duell ti minutt før full tid, men fekk ikkje noko denne gongen heller. Så vart eit frispark sendt inn i feltet og vidare til Noah Johansen, men headinga frå den unge innbyttaren gjekk over.
Klokka hadde passert 90 minutt då Svein Erik Lange Male, som hadde blitt sendt fram, fekk fulltreff etter innlegg frå Elling Olafsen og ballen fauk i mål frå 11 meter. Enno var det nokre tilleggsminutt att, og i kampen siste angrep kunne Noah Johansen ha sikra eitt poeng, men ein utrusande keeper vann duellen og dei tre poenga som låg i potten. Noah Joahansen skåra eitt mål treningskampen mot Molde 2 i vinter, men dette var debuten i seriekamp for A-laget. Han hadde ein sjanse på eit skot utanfor også tidleg i kampen, og viste at han blir ein spelar å rekne med utover i sesongen. På G16 har han alt bøtta inn med mål i år.
Temperaturen steig litt mot slutten og det vart delt ut fleire gule kort. Håkon Kjørvik fekk sjå sitt andre på 25 minutt då han vart utvist på overtid. Ein pussig situasjon vart diskutert etter kampen. Gav dommar gult kort til feil Midsund-spelar i det 75. minutt? Same spelar, kaptein Emil Sjøvik, fekk nemleg det som ville vore hans andre gule kort fem minutt seinare. No blir dette berre av akademisk interesse, sidan rutinerte Sjøvik sikkert hadde unngått kort nummer to om han visste at han hadde eitt får før.
Kveldens pluss i boka: Publikumsoppmøtet. I overkant av 100 personar hadde tatt turen i Vestnes idrettspark denne litt sure mai-kvelden, inkludert midsundinging og stortingsmann Helge Orten. Med tre poeng i bagasjen vart to fergeturar heim berre kos denne fredagen.
Neste kamp er mot Tomrefjord laurdag 20. mai klokka 15.
Vestnes Varfjell - Midsund 1-2 (0-1)
4. divisjon Nordmøre og Romsdal, fredag 12. mai 2023 kl 19.15
Vestnes idrettspark, 105 tilskuarar
Mål:
0-1 (37) Zakki Godø
0-2 (69) Erlend Blø
1-2 (90) Svein Erik Lange Male
Dommar: Kurt Einar Ansnes, Kvass/Ulvungen
Raudt kort Håkon Kjørvik (90, 2 gule)
Gult kort: Adrian Kosinski (75), Håkon Kjørvik (76), Vestnes Varfjell. Christopher Ræstadholm Iversen (75), Emil Sjøvik (80), Håkon de Jong (90)
Vestnes Varfjell (3-5-2): Owen Connor: Simon Kjørvik (Svein Erik Lange Male 46.), Tor-Bjarne Løvik Salte, Magnus Nerheim (Håkon Kjørvik 66.) - Juan Richard Larsen (Noah Johansen 46.), Amund Stavem (k) (Arjan Sylte 90.), Leo Krogseth, Lars-Helge Lien, Lucas Våge - Elling Olafsen, Adrian Kosinski