Det endte 2-2 i kveldens kamp mot Eide der Elling Olafsen sendte oss i føringa 2-0 til pause. Eide utlikna like etter kvilen og utlikna på straffe fem minutt på overtid.
Eide tok over etter pause og uavgjort var rettferdig, sjølv om det var surt at seieren skulle glippe på slutten for andre kamp på rad. Måla Eide fekk var også av det lettkjøpte slaget. Først ei klarering høgt i lufta som keeper Connor ikkje fekk kontroll på og der ein Eide-spelar var frampå og sette ballen i mål. Straffen kom etter eit langt framspel der Larsen såg ut til å ha kontroll, men ein Eide-spelar kom på blindsida og hekta i beinet.
- Det er frustrerande å sleppe inn fem minutt på overtid. Det er fair med uavgjort, men me burde greid å kontrollere denne kampen inn, sa trenar Alexander Connor etter kampen.
(sjå heile intervjuet med trenarane etter kampen i videovindauget over.
Laga hadde kvar sin omgang i surt vårvær i Vestnes idrettspark. Heimelaget var effektive og gode før pause. Gjestana hadde ei styring like utanfor etter eit frispark etter 1-0 og kom også nærme med spisen Johnny Abraham jr som kom aleine med keeper Owen Connor to gongar, andre gongen fekk han avslutta, men Magnus Nerheim rydda unna på streken. Så kom Adrian Kosinski igjennom i andre enden, men keeper varta opp med ei ferberredning og hindra 3-0. Eide heada like over frå kloss hald like før pause.
Sjølv om Eide hadde initiativet etter pause, plukka Owen Connor lett det som kom utanom skåringane. Amund Stavem hadde heimelagets største sjanse i andre omgang med eit skot som strauk på utsida av stolpen.
Neste kamp er borte mot serieleiar Træff 2 måndag 5. juni kl 19.20 på Reknesbanen.
KAMPFAKTA
Vestnes Varfjell - Eide og Omegn 2-2 (2-0)
4. divisjon Nordmøre og Romsdal, fredag 26. mai 2023 kl 19
Vestnes idrettspark, 75 tilskuarar
Mål:
1-0 (7) Elling Olafsen
1-0 (18) Elling Olafsen
2-1 (54) Abraham jr Johnny
2-2 (90 + 5) Idar Vangen Lysgård, straffespark
Dommar: Roe Vidar Lien, Malmefjorden. Assistentdommarar: Hennin Sunde, Molde og Kåre Bergset, Elnesvågen
Gult kort: Elling Olafsen (17), Leo Kroseeth (70), Vestnes Varfjell. Preben Grønseth, Eide (63)
Lagoppstilling; Owen Connor: Juan Richard Larsen, Svein Erik Lange Male, Tor-Bjarne Løvik Salte, Magnus Nerheim, Leo Krogseth, Amund Stavem (K), Elling Olafsen, Vegar Skare, Knut Stian Eik, Adrian Kosinski
Innbyttarar: Simon Kjørvik, Håkon Kjørvik, Dag Maier