(Vestnes Varfjell - Molde 3 0-0) Vestnes Varfjell måtte nøye seg med eitt poeng då laget ikkje makta å skåre i kampen mot Molde 3 fredag kveld. Dermed stoppa også rekka med seierar i 5. divisjon på ti kampar.
Særleg i første omgang hadde heimelaget meir enn nok sjansar til å sikre seg alle poenga. Vestnes Varfjell slo Molde 3 3-0 på bortebane seinast forrige tirsdag. Då stilte dei eit sterkare lag, men Vestnes Varfjell fekk god hjelp av at keeperen vart utvist tidleg. Fredag fekk målvakt Nikolai Herskedal revansj då heimelaget måtte gå mållause av banen føre heile 150 tilskuarar på ein fin seinsommarkveld.
Heimelaget fekk det ikkje lett mot eit hardtkjempande bortelag. Det vart mykje nesten. I første omgang hadde Tor-Bjarne Løvik Salte den første sjansen etter 13 minutt då han heada i bakken og utanfor. Etter ein halvtime forsøkte Casper Andreassen med hovudet, men heller ikkje han traff mellom stengene. Svein Erik Lange Male heada også utanfor medan Leo Krogseth skaut rett på keeper frå kloss hald.

Kristian Flittie Onstad kom inn på stopparplass etter pause. No vart framspela meir presise, men angrepsførsøka rann ut i ingenting.
William Hjelvik hadde ein stor sjanse etter 70 minutt, men innlegget kom for brått på og avslutninga gjekk rett på keeper.
På overtid hadde Casper Andreassen sjansen til å sikre alle poenga på ei heading som gjekk utenafor medan storebror Tommy Kanishi Andreassen avslutta ein frustrerande kveld med skot over. Gjestane var heller ikkje ufarlege i andre omgang og føler nok at dei fortente det eine poenget.
Før kampen var det markering av kong Haralds bortgang. Laga marsjerte inn til tonane frå Kongesangen. Etterpå las speaker Pål Magne Bjørdalsbakke opp ei helsing frå klubben før begge laga og publikum heidra kongen med eitt minutts stillheit.
Neste kamp er borte mot Måndalen.
Vestnes Varfjell - Molde 3 0-0
5. divisjon Nordmøre og Romsdal, fredag 28. august 2026 kl 19
Vestnes idrettspark, 150 tilskuarar
Dommar: Eirik Stenberg, Elnesvågen
Assistentdommarar: David Rus, Elnesvågen og Sigurd Ylvisåker, Bud
Gult kort: Svein Erik Lange Male (83) og Casper Andreassen (90), to til MFK 3
Vestnes Varfjell (4-3-3): Egil Dalhaug (K): Torstein Væge Nekstad, Svein Erik Lange Male, Cedrik Andreassen (Knut Stian Eik 74.), Magnus Nerheim (Kristian Flittie Onstad 46.) - Tor-Bjarne Løvik Salte, Tommy Kanishi Andreassen, Didrik Sæter, Casper Andreassen, William Hjelvik, Leo Krogseth
Bildegalleri under: