Foto: Kårvåg/Havørn på Instagram

Vestnes Varfjell spelte sin andre bortekamp på fem dagar då laget tok turen til Averøya laurdag. Laget kunne pynte på målforskjellen etter å ha slått heimelaget Kårvåg/Havørn/AK 2 heile 6-2.

"Vi styrter inn 4 (!) før pause hvor vår 17 år gamle gullgutt William skåret ekte hatrick på én omgang", skriv Vestnes Varfjell A-lag på Instgram.

Kampen var flytta frå grasbana på Kårvåg til kunstgras på Bruhagen grunna mykje regn i det siste. Serieleiaren gjekk hardt ut uansett underlag, og før det var spelt ti minutt sto det 0-3.

William Pedersen Hjelvik skåra to av dei, med Tor-Bjarne Løvik Salte innimellom. Kårvåg/Havørn reduserte ein gong, men etter 33 minutt fullførte Hjelvik sitt hattrick slik at det sto 1-4 ved pause.

Etter kvilen auka spelande trenar Tommy Kanishi Andreassen til 1-5. Knut Stian Eik sette inn 1-6 før heimelaget fekk eit nytt trøstemål til sluttstilling 2-6.

Tommy Kanishi oppsummerer kampen slik:

"En merkelig kamp, der vi egentlig var dårlige i store deler av kampen. Spesielt de 30 siste minuttene av første omgang, så er vi dårlig med og spesielt uten ball. Vi blir langt ifra overkjørt, men grunnen til det er at vi møter et svakt lag. Vi hever oss litt til 2. omgang, men klarer fortsatt ikke vær på det nivået vi veit vi kan være på og burde ligge om me skal ha noe i 4. divisjon å gjøre. Fantastisk match av William, som scora 3 flotte mål."

Neste kamp er heime mot Molde 3 fredag.

Foto: Kårvåg/Havørn på Instagram.

KAMPFAKTA

Kårvåg/Havørn/AK 2 - Vestnes Varfjell 2-6 (1-4)

Bruhagen kunstgressbane, 50 tilskuarar 

Seriekamp 5. divisjon Nordmøre og Romsdal, laurdag 22. august 2026 kl 14

Mål:

0-1 (4) William Pedersen Hjelvik

0-2 (5) Tor-Bjarne Løvik Salte

0-3 (8) William Pedersen Hjelvik

1-3 (25) Audun Sørseth

1-4 (33) William Pedersen Hjelvik

1-5 (46) Tommy Kanishi Andreassen

1-6 (38) Knut Stian Eik

2-6 (87) Ola Ormset Husby

Dommar: Morten Kristiansen, Træff

Assistentdommarar: Kåre Bergset, Elnesvågen og Sindre Støylen, Molde

Raudt kort: Nikolai Herkedal, MFK 3 (17)

Gult kort: Leo Krogseth, Vestnes Varfjell (28). Jakob Vebenstad, K/H/A (87)

Vestnes Varfjell (4-3-3): Egil Dalhaug (K) (Carlos Felipe Gonzalez): Torstein Væge Nekstad (Jo Sigurd Vold), Cédrik Andreassen (Håkon Ødegård Kjørvik), Svein Erik Lange Male, Sverre Lindset - Tommy Kanishi Andreassen, Didrik Sæter (Henrik Leao Tomren), Tor-Bjarne Løvik Salte - Casper Andreassen , William Pedersen Hjelvik (Knut Stian Eik), Leo Krogseth (Florian Hill)