(Måndalen - Vestnes Varfjell 0-2) Vestnes Varfjell fekk med seg alle poenga då laget drog i land ein ny seier i lokaloppgjeret i Måndalen laurdag.
Sjå bilde av skåringane i VarfjellTV:
Det sto 0-1 ved pause etter skåring av Tommy Kanishi på eit susande volleyskot frå rundt 20 meter etter 43 minutt. Vestnes Varfjell hadde eit markant overtak, men heimelaget - med fleire tidlegare Vestnes Varfjell-spelarar på laget - forsvart seg godt. Cederik Andreassen heada like utanfor etter 13 minutt, så hadde Didrik Sæter eit skot som målvakt Lars Håvard Heen Lien fekk fista over. Leo Krogseth prøvde seg direkte frå frispark, men skotet gjekk like over. Måndalen hadde ei farleg avslutning etter ei kontring, men hadde elles lite å by på i første omgang. Fullt fortent leiing til bortelaget ved halv tid.
Spenninga heldt seg utover i ein andreomgang prega av mykje duellspel og skliktaklingar på ei etter kvart regnvåt grasbane. Måndalen kom betre med i kampen og hadde eit par gode sjansar til å utlikne. På overtid kunne Didrik Sæter endeleg fjerne all tvil då han forulgte eit femmeter-utspel frå Kristian Flittie Onstad. Ballen var innom ein Måndalen-forsvarar og William Hjelvik før Sæter kom aleine og kunne sette ballen forbi keeper. 0-2 vart også sluttresultatet.
Kampen hardna til mot slutten og heimelaget fekk fleire gule kort for stygt spel. Cédric Andreassen vart straffa for protestar, det andre etter at han var bytta ut. Dermed to gule og raudt.
Dermed må han stå over neste kamp som er toppoppgjeret mot Bud/Bryn på Vestnes komande laurdag.
Måndalen - Vestnes Varfjell 0-2 (0-1)
5. divisjon Nordmøre og Romsdal, laurdag 5. september 2026 kl 13
Måndalen stadion, 120 tilskuarar
Mål:
0-1 (43) Tommy Kanishi Andreassen
0-2 (90) Didrik Sæter
Dommar: Eren Aksoy, Molde FK
Raudt kort (2 gule): Cédric Andreassen (78 og 88)
Gult kort: Kristoffer Nikolaisen (57) Jon Areas Venås (67), Adrian Voldseth (94), Andreas Hamnes Lønset (97), alle Måndalen
Vestnes Varfjell (4-3-3):
1 Egil Dalhaug
45 Cédric Ronnie Hellström Andreassen
27 Kristian Flittie Onstad
23 Svein Erik Lange Male (K)
22 Torstein Væge Nekstad
24 Didrik Selnes Sæter
80 Tommy Kanishi Andreassen
7 Tor-Bjarne Løvik Salte
8 Casper Rolf Hellstrøm Andreassen
20 William Pedersen Hjelvik
10 Leo Villa Krogseth
Innbyttarar:
11 Sverre Olgar Lindset inn for Leo Krogseth 60.
9 Magnus Nerheim inn for Cédric Andreassen 80.
17 Florian Hill inn for Casper Andreassen 70.
Ikkje benytta:
15 Carlos Felipe Gonzalez
14 Knut Stian Eik
2 Håkon Ødegård Kjørvik
25 Henrik Leao Tomren
26 Jo Sigurd Vold
28 Andreas Hole
For Måndalen spelte Lars Håvard Heen Lien, Arjan Furland Sylte, Ole Håkon Heen Lien, John Villa Krogseth, Fredrik Pedersen og Andreas Hamnes Lønset, alle med Vestnes Varfjell som moderklubb. I tillegg spelte fleire av måndalingane på laget for Vestnes Varfjell under samarbeidet i fjor.