Trippelsjanse ved Krogseth (i skotet), Hjelvik og Sæter (liggande bak keeper)rett før pause, men gjestane stengte igjen.

(Vestnes Varfjell - Bud/Bryn 0-2) Vestnes Varfjell gjekk på årets første tap i 5. divisjon då Bud/Bryn stakk av med alle poenga frå Vestnes idrettspark laurdag. I ein jamn og tett toppkamp var gjestane mest effektive. Heimelaget hadde meir enn nok sjansar til å greie minst uavgjort, men fekk aldri ballen i mål.

Heile 250 tilskuarar såg kampen, mange av dei frå Hustadvika. I tillegg var det mange barn som før kampen fekk delta på aktivitetar i "fanzone".

William Hjelvik med kampens første sjanse, aleine med keeper etter fem minutt.

Det var tydeleg at mykje sto på spel i det som var ein tidleg "seriefinale" i 5. divisjon. Gjestane frå Hustadvika følte nok at dette var ein kamp dei måtte vinne medan heimelaget ville halde føringa om førsteplassen også med uavgjort. Begge lag gjekk ut med full innsats. Heimelaget kunne fått ei drøymeopning då William Hjelvik kom aleine med keeper alt etter fem minutt, men den duellen gjekk i favør målmannen som varta opp med den første av det skulle bli mange redningar.

Bud/Bryn tok no meir over og etter ein tapt duell på midtbanen hamna ballen i bakrommet der Matheo Midthaug kunne sette ballen forbi Egil Dalhaug i Varfjell-buret. Då var det spelt 13 minutt. 

Skåringa prega kampbildet i resten av kampen. Gjestane var flinke til å drepe forsøka frå heimelaget, samtidig som dei var farlege når dei fekk sjansen. Etter 27 minutt måtte Dalhaug varte opp med ei god rending for å hindre ny baklengs.

Først mot slutten av første omgang kom heimelaget fram til store sjansar. Først hadde Didrik Sæter ei avslutning som strauk på feil side av stolpen etter 44 minutt før same mann, William Hjelvik og Leo Krogseth hadde kvart sitt forsøk i ein trippelsjanse. Alle forsøka traff Bud/Bryn si forsvarslinje.

Elling Olafsen med kjempesjanse rett før slutt, men i staden for 1-1 auka gjestane til 0-2 to minutt på overtid.

Den gamle storskåraren Elling Olafsen var tilbake frå skade då han kom inn som innbyttar etter pause. Det gav Varfjell-angrepet meir musklar. Leo Krogseth hadde ein god periode etter timen. Då skaut han først eit frispark frå hjørnet av 16-meteren like over før han avslutta eit soloraid med skot på keeper.

Så kom to verkeleg store sjansar. 66 minutt var spelt då Hjelvik fann Olafsen framom mål, men avslutninga gjekk like utanfor. Så var det Tommy Kanishi som kjempa fram eit innlegg, Didrik Sæter var mottakar av innlegget frå dørlinja, men igjen sto keeper i vegen.

Siste sjanse til å berge det eine poenget kom to minutt på overtid. William Hjelvik fyrte laus, men igjen rett på keeper.

Gjestane frå Bud og Hustad hadde berre fyrt av nokre skot i retning Flatevågen i andre omgang, men fire minutt på overtid fekk innbyttar Vegard Helseth sjansen på ei kontring der han plasserte ballen til side for keeper. Dermed endte det skuffande 0-2.

Heimelaget vann kanskje statistikken over store målsjansar, skot på og utanfor mål, cornerar og frispark, men tapte den som tross alt betyr mest: Talet på skåringar.

Vestnes Varfjell skal no ut i fire strake bortekampar, den første mot Nordlandet/Frei torsdag.

 

KAMPFAKTA:

Vestnes Varfjell - Bud/Bryn 0-2 (0-1)

5. divisjon Nordmøre og Romsdal, laurdag 12. september 2026 kl 15

Vestnes idrettspark, 250 tilskuarar

Mål:

0-1 (13) Matheo Midthaug

0-2 (90 +4) Vegard Helseth

Dommar: Eirik Hyldbakk Furu, FCK

Assistentdommarar: David Mircea Rus, Elnesvågen og Harald Vebenstad, AK

Gult kort: Vegard Væge Nekstad (45) og Kristian Fliittie Onstad (eller Svein Erik Lange Male) (66), Vestnes Varfjell. Bertil Kjørsvik, Bud/Bryn (75)

Vestnes Varfjell (4-3-3): 

1 Egil Dalhaug

11 Sverre Olgar Lindset
22 Torstein Væge Nekstad
23 Svein Erik Lange Male (K)
27 Kristian Flittie Onstad

24 Didrik Selnes Sæter
80 Tommy Kanishi Andreassen
7 Tor-Bjarne Løvik Salte


90 Casper Rolf Hellstrøm Andreassen
20 William Pedersen Hjelvik
10 Leo Villa Krogseth

Innbyttarar:

77 Elling Furland Olafsen 46. min for Casper Andreassen
90 Casper Rolf Hellstrøm Andreassen 73. min for Sæter
25 Henrik Leao Tomren 81. min for Salte
9 Magnus Nerheim 86. min for Lindseth

Ikkje benytta:
12 Carlos Felipe Gonzalez
2 Håkon Ødegård Kjørvik
3 Ole Alexander Mekvik Ulvestad
17 Florian Hill

DSC_7505
DSC_7505
DSC_7506
DSC_7506
DSC_7507
DSC_7507
DSC_7508
DSC_7508
DSC_7509
DSC_7509
DSC_7510
DSC_7510
DSC_7511
DSC_7511
DSC_7513
DSC_7513
DSC_7514
DSC_7514
DSC_7515
DSC_7515
DSC_7516
DSC_7516
DSC_7517
DSC_7517
DSC_7518
DSC_7518
DSC_7519
DSC_7519
DSC_7520
DSC_7520
DSC_7521
DSC_7521
DSC_7522
DSC_7522
DSC_7523
DSC_7523
DSC_7524
DSC_7524
DSC_7525
DSC_7525
DSC_7526
DSC_7526
DSC_7527
DSC_7527
DSC_7528
DSC_7528
DSC_7530
DSC_7530
DSC_7531
DSC_7531
DSC_7532
DSC_7532
DSC_7533
DSC_7533
DSC_7534
DSC_7534
DSC_7535
DSC_7535
DSC_7536
DSC_7536
DSC_7538
DSC_7538
DSC_7539
DSC_7539
DSC_7540
DSC_7540
DSC_7541
DSC_7541
DSC_7542
DSC_7542
DSC_7544
DSC_7544
DSC_7545
DSC_7545
DSC_7546
DSC_7546
DSC_7547
DSC_7547
DSC_7548
DSC_7548
DSC_7549
DSC_7549
DSC_7550
DSC_7550
DSC_7551
DSC_7551
DSC_7552
DSC_7552
DSC_7554
DSC_7554
DSC_7555
DSC_7555
DSC_7556
DSC_7556
DSC_7557
DSC_7557
DSC_7558
DSC_7558
DSC_7559
DSC_7559
DSC_7560
DSC_7560
DSC_7561
DSC_7561
DSC_7562
DSC_7562
DSC_7563
DSC_7563