Leo Krogseth (tv) og Lucas Våge på farta i Ravn-forsvaret.

Ei sein skåring frå Lars-Helge Lien sikra ein fortent seier i treningskampen mot Ravn torsdag kveld. Juan Richard Larsen utlikna etter at gjestane frå Sunnmøre tok leiinga. 

Konklusjonen er vel at dette var ei grei treningsøkt mot god motstand frå divisjonen under. Mange fekk speletid i ein 3–5-2-formasjon og fleire fekk prøve seg i nye posisjonar.

Gjestane frå Vatne/Tennfjord tok leiinga etter eit drygt kvarter då dei takka for ei svak klarering med skot i mål frå 20 meter. Juan Richard Larsen utlikna med ein gong då han runda keeper etter presist gjennomspel av Oliver Connor Søreng. Resten av omgangen var sjansefattig, med eit overtak til heimelaget.

Vestnes Varfjell hadde god kontroll også etter pause og skapte fleire store sjansar mellom anna eit frispark frå Søreng i tverrliggaren. Like før slutt dukka Lars-Helge Lien opp og sette inn det avgjerande målet til seier 2-1.

Sesongdebut for Jarle Løvik Salte som blir ein fin tilvekst når han kjem trening og kampform.

Ny kamp allereie laurdag når Stranda kjem på besøk.

KAMPFAKTA 

Vestnes Varfjell - Ravn 2-1 (1-1)

Treningskamp, torsdag 23. mars 2023 kl 19

Vestnes idrettspark - 50 tilskuarar

Mål:

0-1 (16) Jørgen Skarbø

1-1 (17) Juan Richard Larsen

2-1 (89) Lars-Helge Lien

Dommar: Johnny Svensli, Vestnes Varfjell 

Gult kort: Lars-Helge Lien, Vestnes Varfjell (62)

Vestnes Varfjell (3-5-2): Owen Connor (Egil Dalhaug 80.); Håkon Kjørvik (Magnus Nerheim 46.), Ørjan Tangen (k) (Dag Maier 46.), Arjan Sylte (Svein Erik Lange Male 46.) - Lucas Pedersen Våge (Håkon Kjørvik 85.), Vegar Skare, Oliver Connor Søreng, Leo Krogseth (Juan Richard Larsen 56. (Jarle Løvik Salte 66.)) - Juan Richard Larsen (Lars-Helge Lien 46.) - Elling Olafsen, Adrian Kosinski (k 2. omg.)