Det vart seier 7-2 mot Stranda i laurdagens treningskamp. Målskårarar: Tor Bjarne Løvik Salte, Simon Kjørvik, Oliver Connor Søreng, Lars-Helge Lien 2, Adrian Kosinski 2. Bildegalleri i bunn av saka.
Vestnes Varfjell møtte motstand frå 5. divisjon på Sunnmøre for andre gong på tre dagar då Stranda gjesta Vestnes idrettspark i mars-sola laurdag. Som mot Ravn torsdag vart det ein kamp der heimelaget hadde føringa det meste av kampen. 1-0 kom etter eit kvarter då Tor-Bjarne Løvik Sylte fekk treff på eit skot frå kloss hald. Laget frå pizza-bygda utlikna like etterpå då dei utnytta ei svak klarering og svarte med skot i mål.
14 år gamle Simon Kjørvik sendte vertane i føringa igjen etter halvtimen då han var siste Varfjell-spelar på ballen etter litt fram og tilbake framom mål. Like før pause lada Oliver Connor Søreng kanonen og sette eit firspark frå 25 meter rett i mål, slik han har gjort mange gongar før. 3-1 ved halv tid.
Stranda yppa seg litt i starten av andre omgang og reduserte på eit langskot etter ti minutt. Egil Dalhaug debuterte frå start i Varfjell-målet og viste at laget no har to gode, unge keeperar. Fleire gongar varta han opp med redningar som hindra gjestane fleire skåringar.
Etter kvart tok heimelaget over att og Lars-Helge Lien kunne spasere inn 4-2 etter at Adrian Kosinski hadde gjort forarbeidet. Lien vart tomålsskårar med eit skot forbi keeper ti minutt etterpå etter assist frå Elling Olafsen. Adrian Kosinski var eit konstant uromoment for gjestane og mot slutten av kampen sprang han igjennom og sette inn 6-2 før han avslutta det heile med eit skot ved stolpen. Dermed seier 7-2 og ein godt gjennomført kamp.
Neste og siste treningskamp før seriestart er borte mot SIF/Hessa tirsdag 11. april.
KAMPFAKTA
Vestnes Varfjell - Stranda 7-2 (3-1)
Treningskamp, laurdag 25. mars 2023 kl 13
Vestnes idrettspark, 25 tilskuarar
Mål:
1-0 (15) Tor-Bjarne Løvik Salte
1-1 (17) Aagash Nithiyaselvan
2-1 (30) Simon Kjørvik
3-1 (44) Oliver Connor Søreng
3-2 (55) Aagash Nithiyaselvan
4-2 (62) Lars-Helge Lien
5-2 (72) Lars-Helge Lien
6-2 (87) Adrian Kosinski
7-2 (89) Adrian Kosinski
Dommar: Johnny Svensli, Vestnes Varfjell
Ingen kort
Laget (3-5-2) Egil Dalhaug, Simon Kjørvik (Ørjan Tangen 46.), Svein Erik Lange Male (Arjan Sylte 60.), Magnus Nerheim - Dag Maier (Juan Richard Larsen 46.), Leo Krogseth (Tor-Bjarne Løvik Salte 65.), Tor-Bjarne Løvik Salte (Jarle Løvik Salte 63.), Oliver Connor Søreng, Lars-Helge Lien - Adrian Kosinski, Elling Olafsen (k)
Bildegalleri: