(Midsund - Vestnes Varfjell 3-1) Innbyttar Leo Krogseth reduserte etter pause, men det var ikkje nok til å sikre avansement i cupen. Laga hadde kvar sin omgang på Aker stadion. Simon Kjørvik debuterte for Vestnes Varfjell, berre 14 år gammal.
SJÅ BILDEGALLERI FRÅ KAMPEN HER
— Ein særs skuffande 1. omgang. Noko skuldast nok dårlege treningsforhold dei siste 14 dagane, men det er inga unnskyldning for elementære ting som manglande innsats, feilpasninger og anna som ikkje burde forekomme. Heldigvis tok det seg opp etter pause, uttaler trenar Alexander Connor om kampen.
Kampen i 1. kvalifiserande runde til NM var flytta frå Skeidvoll på Otrøya til Aker stadion i Molde på grunn av snødekt bane, men det var likevel tidleg tydeleg at det var Midsund som var heimelaget. Vertane pressa Vestnes Varfjell bakpå i opningsminutta. Midsund hadde alt hatt eit par sjansar før lagkaptein Emil Sjøvik snappa ei svak klarering, fekk fulltreff frå 17 meter og sendte ballen nettet bak Varfjell-målvakt Owen Connor.
Etter skåringa kom Vestnes Varfjell på sine første visittar i Midsund-feltet, men det vart berre nesten i forsøka frå Knut Stian Eik, og Elling Olafsen (to gongar).
Elles var det mest dramatiske som skjedde i midtperioden at den eine assistentdommaren fekk eit eller anna problem og måtte forlate bana. Dermed vart dei siste 70 minutta gjennomført med to dommarar, utan at det påverka kampen.
Etter halvtimen var det Ronald Tangen som ville vise seg fram. Først vann han duellen på bakre stolpe og sette inn 2-0 på eit innlegg framom mål, før han dribla av tre mann og la på til 3-0.
Heilt mot slutten av omgangen kom Adrian Kosinski nærme då han fekk avslutta, men ballen trilla like utanfor. Kaptein Amund Stavem avslutta første halvdel med eit farleg frispark-forsøk.
Avslutninga av første omgang bar likevel bod om kva som skulle komme: Trenar Alexander Connor gjorde nokre grep i pausa, og Vestnes Varfjell kom bokstavleg talt utpå som eit heilt anna lag. No var det dei for dagen oransjekledde som styrte det meste av banespelet. Faktisk såg det ut til at alle treningane i djupsnøen hadde vore betre enn å trene inne i ein fotballhall slik Midsund kan.
Det var likevel Midsund som hadde dei største sjansane på kontringar tidleg i omgangen, og Owen Connor måtte ta fram redningar på øvste hylle for å hindre fleire baklengs. Etter ein corner spratt ballen også opp i tverrliggaren.
Etter ti minutt fekk Vestnes Varfjell reduseringa som skapte nytt liv i kampen, med to innbyttarar i fokus. Magnus Nerheim drog seg fri på kanten og la inn til Leo Krogseth som spelte opp seg sjølv forbi ein Midsund-forsvarar og sette ballen elegant forbi keeper. Hans første skåring for A-laget.
Sjølv om Vestnes Varfjell heldt fram med presset, hadde Midsund grei kontroll. Nærast fleire reduseringar kom Elling Olafsen som skaut over på halv volley og Amund Stavem som avslutta like utanfor.
I andre enden måtte Connor igjen i aksjon fleire gongar, og alt i alt var det Midsund som fortent går vidare til andre kvalifiseringsrunde.
Mot slutten kom Simon Kjørvik innpå. 14-åringen vart nyleg tatt ut på fylkeslaget og gjorde sine saker bra i forsvaret saman med broren Håkon. Simon fyller 15 år først 5. mai, og er dermed mellom dei aller ynsgte som har spelt A-kampar for Vestnes Varfjell. Yngst er David Sissoko.
På plussida elles: Ein godkjent andreomgang og at det er mange ungguttar som bankar på døra til A-laget. Og endå er det lenge til seriestart…
KAMPFAKTA:
Midsund - Vestnes Varfjell 3-1 (3-0)
1. kvalifiserande runde til NM, laurdag 18. mars 2023 kl 17
Aker stadion, ca 75 tilskuarar
Mål:
1-0 (10) Emil Ovesen Sjøvik
2-0 (30) Ronald Tangen
3-0 (36) Ronald Tangen
3-1 (55) Leo Villa Krogseth
Dommar: Martin Sørensen Kristiansen, Nordlandet
Assistentdommarar: Atle Engen, Hovdebygda og Kåre Bergset, Elnesvågen
Gult kort: Emil Sjøvik (52), Ronald Tangen (57), Vetle Heggdal (78), alle Midsund. Leo Krogseth, Vestnes Varfjell (78)
Vestnes Varfjell (4-3-3): Owen Connor: Juan Richard Larsen (Håkon Ødegård Kjørvik 46.), Ørjan Tangen, Svein Erik Lange Male (Simon Ødegård Kjørvik 79.), Lucas Pedersen Våge (Magnus Nerheim 46.) - Vegar Skare (Leo Villa Krogseth 46.) Amund Stavem (k), Tor-Bjarne Løvik Salte - Elling Olafsen, Knut Stian Eik (Lars-Helge Lien 65.), Adrian Kosinski
BILDEGALLERI FRÅ KAMPEN:






