(Vestnes Varfjell - Måndalen 2-1) Skåringar av Knut Stian Eik og Elling Olafsen sikra alle tre poenga i lokalderbyet mot Måndalen 1. mai. Eit stort publikum på rundt 300 tilskuarar fekk sjå ein kamp der heimelaget sleit mot eit Måndalen-lag som forsvarte seg godt. Ole Håkon Heen Lien skåra for gjestane då han utlikna på eit flott langskot i andre omgang.
To lag som i fjor samarbeida møtte kvarandre denne flotte vårdagen. Før kampen var det tidenes første "fanzone" der ungar mellom anna fekk skyte på Varfjell-målvakt Carlos.
I sjølve kampen var heimelaget store favorittar, men gjestane kom til Vestnes med ein plan selge seg dyrt. Vestnes Varfjell skapte nokre sjansar i starten, der Tor-Bjarne Løvik Salte hadde den første då han heada over frå kloss hald. Knut Stian Eik hadde fått sjansen på topp og takka for tilliten då han heada inn 1-0 etter 22 minutt etter innlegg frå William Pedersen Hjelvik.
Etterpå hadde både Salte og Sverre Lindseth store sjansar, men det sto "berre" 1-0 ved pause.
Gjestane såg ut til å ha brukt pausen best, for dei kom ut og styrte kampen i dei første minutta av andre omgang. To tidlegare Varfjell-spelarar var sentrale då utlikninga kom: Arjan Sylte sendte ballen vidare til Ole Håkon Heen Lien som brente til frå 25 meter. Skotet var velplassert og utagbart for Egil Dalhaug i Varfjell-buret.
Vertane tok over igjen etter dette. Innbyttar Elling Olafsen veit framleis kor målet står og 20 minutt før slutt sto det 2-1 då han heada i mål etter eit frispark-innlegg frå Leo Krogset.
No tok heimelaget over i eit forsøk på å punktere kampen. Både William Hjelvik og Elling Olafsen kom igjenom, men Måndalen-målvakt Tinus Hustad Rydda opp. Olafsen (utanfor) og Salte (over krysset) hadde gode skotforsøk.
Så lenge det sto berre 2-1, var det spenning heilt til dommaren blåste av. Måndalen kom på nokre overgangar og hadde også eit par dødballar som ikkje var ufarlege.
Neste kamp er borte mot Bud/Bryn som står med full pott og tre seierar så langt i årets 5. divisjon.
KAMPFAKTA
Vestnes Varfjell - Måndalen 2-1 (1-0)
5. divisjon Nordmøre og Romsdal, fredag 1. mai 2026 kl 14
Vestnes idrettspark, 300 tilskuarar
Mål:
1-0 (22) Knut Stian Eik
1-1 (54) Ole Håkon Heen Lien
2-1 (69) Elling Olafsen
Dommar: Morten Andresen Parelius, FK Clausenengen Kristiansund
Assistentdommarar: Simon Lundsgaard Kråkenes, Vestsiden-Askøy IL og Cornelius Eckert, Bud IL
Gult kort: Adrian Voldseth, Måndalen (37)
Vestnes Varfjell (4-3-3): Egil Dalhaug: Ørjan Tangen (Håkon Kjørvik 25. (Cédrik Andressen 77.)), Vegard Ellingseter, Svein Erik Lange Male (K), Torstein Væge Nekstad - Tor-Bjarne Løvik Salte, Sverre Lindseth (Florian Hill 46.), Tommy Kanishi Andreassen - William Pedersen Hjelvik (Henrik Leao Tomren 83.), Knut Stian Eik (Elling Olafsen 55.), Leo Krogset