Leo Krogseth (t.h.) gratulerer Tor-Bjarne Løvik Salte med eitt av hans mål. Krogseth opna sjølv skåringane i kampen.
(Vestnes Varfjell - Kårvåg/Havørn/AK 2 6-0) Vestnes Varfjell fekk ein perfekt start på årets 5. divisjon då Kårvåg/Haværn/AK 2 vart slått 6-0 laurdag. Tor-Bjarne Løvik Salte var kampen store spelar med tre skåringar. Leo Krogseth, Elling Olafsen og Tommy Kanishi Andreassen noterte seg for ei skåring kvar.
Det var folkefest på Vestnes laurdag med sjøsetting av Søblomsten. Rundt 150 hadde også tatt turen til Vestnes idrettspark i det fine vårvêret, inkludert ein banehoppar frå Tyskland. Dei fekk sjå eit heiltent heimelag ta kommandoen frå start.
1-0 Krogseth på frispark.
Ørjan Tangen sto for den første store sjansen då han heada i tverrliggar og ned på streken etter eit kvarter. Like etter sat ballen likevel i mål då Leo Krogseth plasserte eit frispark frå 20 meter ute ved stolperota. Så var det klart for to "heimvendte søner" å vise seg fram. Didrik Sæter fann Tor-Bjarne Løvik Salte framom mål som auka til 2-0 ti minutt før pause. Så var Tangen igjen nærme, men trefte stolpen. Omgangen vart avslutta med ei heading frå Salte like over.
2-0 Løvik Salte.
Heimelaget skulle få opp effektiviteten etter pause. Omgangen starta med ein stor sjanse til Krogseth som skaut rett på keeper. Så skåra Løvik Salte sitt andre for dagen då han sette returen i ope mål etter at keeper først hadde hindra forsøket frå Elling Olafsen.
Salte "plukkar opp restane" og set inn 3-0.
Elling Olafsen kom inn til andre omgang og fekk fart på angrepet. Spiss-veteranen skåra eitt av karrierens styggaste mål då han nærast rulla rundt før han fekk krangla ballen over streken. Salte var ueogistisk og serverte Olafsen.
Olafsen ramlar ballen i mål.
Det skulle likevel bli hattrick på Salte som sette ballen kontant i nota etter ein corner kvarteret før slutt. No ville heimelaget ha meir, og friske bein frå innbyttarar sørga for at gjestane aldri fekk fred. Spelande trenar Tommy Kanishi Andreassen fekk æren av å avslutte målfesten med eit velplassert skot seks minutt før full tid.
Dermed vart det seier 6-0 i årets første seriekamp. Gjestane frå Averøya hang med ei stund, men så viste heimelaget at dei har ambisjonar om å hamne i ein annan ende av tabellen.
Vestnes Varfjell har ein brei stall i år, og 19 mann fekk sjansen laurdag. To av dei debuterte i obligatorisk kamp: Florian Hill og Henrik Leao Tomren.
PS: Neste kamp blir også på heimebane då kampen mot Molde 3 er flytta til haustsesongen, tirsdag 18. august. Lokaloppgjeret mot Måndalen 1. mai blir neste gang Vestnes Varfjell skal i aksjon.
KAMPFAKTA:
Vestnes Varfjell - Kårvåg/Havørn/AK 2 6-0 (2-0)
Seriekamp 5.divisjon Nordmøre og Romsdal, laurdag 18. april 2026 kl 16
Vestnes idrettspark, 150 tilskuarar
Mål:
1-0 (15) Leo Krogseth
2-0 (36) Tor-Bjarne Løvik Salte
3-0 (55) Tor-Bjarne Løvik Salte
4-0 (57) Elling Olafsen
5-0 (71) Tor-Bjarne Løvik Salte
6-0 (86) Tommy Kanishi Andreassen
Gult kort: Sondre Roaldsøy Sandø, Andrii Shevchenko og Runar Andre Hjelset, alle K/H/AK
Dommar: Eren Aksoy, Molde Fotballklubb Assistentdommarar: Ole Henrik Frostad, Sportsklubben Træff og David Mircea Rus, Elnesvågen og Omegn Idrettslag
Vestnes Varfjell (4-3-3): Egil Dalhaug (K): Torstein Væge Nekstad (Vegar Bjørkevoll Skare 77.), Vegard Storsæter Ellingseter, Ørjan Tangen (Svein Erik Lange Male 77.), Magnus Nerheim (Håkon Ødegård Kjørvik 70.) - Tor-Bjarne Løvik Salte (Henrik Leao Tomren 84.), Sverre Olgar Lindset (Florian Hill 70.), Didrik Selnes Sæter (Elling Furland Olafsen 46.) - Leo Villa Krogseth (Jo Sigurd Vold 84.), Tommy Kanishi Andreassen, William Pedersen Hjelvik (Odd Johann Ludviksen 84.)