Feiring etter at Magnus Nerheim sette inn kampens første mål. Frå venstre: Tor-Bjarne Løvik Salte, Magnus Nerheim, William Hjelvik og Elling Olafsen.

(Bud/Bryn - Vestnes Varfjell 2-3) Skåringar av Magnus Nerheim, Cédrik Andreassen og Leo Krogseth sikra ein sterk borteseier  i 5. divisjon laurdag. – Deilige 3 poeng mot kanskje årets tøffaste bortekamp!

– Eg føler me vinn "krigen" på ei vanskeleg bane. Me slit litt i andre omgang, men jobbar knallhardt og har meir vilje i duellspelet enn i forrige kamp, seier spelande trenar Tommy Kanishi Andreassen etter kampen på kustgraset i Bud.

0-1 Nerheim.

Det har vore mange kampar for Varfjell mot både Bud og Bryn opp gjennom historien. No har laga ved Hustadvika slått pjaltane saman i håp om å komme tilbake på det lokale fotballkartet. I fjor vart det opprykk frå 5. divisjon, og før denne kampen sto laget med tre strake seierar. Vestnes Varfjell var også utan poengtap, men med ein kamp mindre spelt-

Det var med andre ord duka for eit tidleg toppoppgjer i vårsol og lei sidevind i Bud. Vertane yppa seg i starten og var nærme på eit skot som gjekk i tverrliggar og ned. Så tok Vestnes Varfjell gradvis over. Bud/Bryn vart nok tatt litt på senga av det høge presset frå gjestane. Etter kvarteret sto det 0-1. William Pedersen Hjelvik skaut på keeper som måtte gje retur, der var Magnus Nerheim på plass og sette ballen i mål.

 

0-2 Cédrik Andreassen.

Bud/Bryn hadde før kampen annonsert to solide forsterkingar: Ulrik Stranden, fjoårets KBK 2-kaptein er henta heim frå Levanger og tidlegare Elnesvågen-storskårar Robin-Aleksander Bergseth hadde flydd heim frå studiar i USA. Dei starta på benken, men før 20 minutt var spelt var dei del av eit trippelbytte.

Det hadde ingen umiddelbar effekt, for Vestnes Varfjell auka leiinga etter ein halvtime. Det kom på ein likande situasjon som 0-1. Etter eit frispark hamna ballen tilbake i feltet der fleire sjansen før Cédrik  Andressen fekk ballen i mål. Samtidig vart det litt tumultar då vertane brukte ein skade etter målet til ein taktisk time-out. 

Vestnes Varfjell spelte seg fram til ein hjørnespark før pause, men fekk ikkje fleire mål. Vertane yppa seg litt på overtid, men det sto 0-2 ved halv tid.

Andre omgang starta litt som første, med tette duellar. Det så endå lysare ut for Vestnes Varfjell då Leo Krogseth auka til 0-3 på eit frispark direkte i mål like før timen var spelt. Bud/Bryn reduserte ved Sivert Vaagen Gule like etter. Like før full tid skapte nemnde Stranden ny spenning då han sette inn 2-3, men Vestnes Varfjell rei seieren i land etter hektiske sluttminutt. Bud/Bryn hadde balle i nettet to gongar, men vart avvinka for offside begge gongar.

 

KAMPFAKTA

Bud/Bryn - Vestnes Varfjell 2-3 (0-2)

5. divisjon Nordmøre og Romdal, laurdag 9. mai 2026 kl 14.30

Bud stadion kunstgras, 100 tilskuarar

Mål:

0-1 (15) Magnus Nerheim

0-2 29) Cédrik Andreassen

0-3 (59) Leo Krogseth

1-3 (63) Sivert Vaagen Gule

2-3 (89) Ulrik Stranden

Dommar: Kjell Olav Moen, Træff

Assistentdommarar: Harald Vebenstad og Storme Høgseth Aakvik, begge Averøykameratene

Gult kort: Torstein Væge Nekstad (25) og William Pedersen Hjelvik (90), Vestnes Varfjell. Jan Erlend Gule Austevik (41) og Sivert Vaagen Gule (69), Bud/Bryn

Vestnes Varfjell (4-3-3): Egil Dalhaug (K): Torstein Væge Nekstad, Ørjan Tangen, Cédric Ronnie Hellström Andreassen, Magnus Nerheim - Tommy Kanishi Andreassen, Vegard Storsæter Ellingseter, Tor-Bjarne Løvik Salte - William Pedersen Hjelvik, Elling Furland Olafsen, Leo Villa Krogseth

Inn: Svein Erik Lange Male, Didrik Selnes Sæter, Knut Stian Eik, Florian Hill, Sverre Lindset

Jubel for 0-2

Bildegalleri under:

DSC_6678
DSC_6678
DSC_6679
DSC_6679
DSC_6680
DSC_6680
DSC_6681
DSC_6681
DSC_6682
DSC_6682
DSC_6683
DSC_6683
DSC_6684
DSC_6684
DSC_6685
DSC_6685
DSC_6686
DSC_6686
DSC_6687
DSC_6687
DSC_6688
DSC_6688
DSC_6689
DSC_6689
DSC_6690
DSC_6690
DSC_6691
DSC_6691
DSC_6692
DSC_6692
DSC_6693
DSC_6693
DSC_6694
DSC_6694
DSC_6695
DSC_6695
DSC_6696
DSC_6696
DSC_6697
DSC_6697
DSC_6698
DSC_6698
DSC_6699
DSC_6699
DSC_6700
DSC_6700
DSC_6701
DSC_6701
DSC_6702
DSC_6702
DSC_6703
DSC_6703
DSC_6704
DSC_6704
DSC_6705
DSC_6705
DSC_6706
DSC_6706
DSC_6707
DSC_6707
DSC_6708
DSC_6708
DSC_6709
DSC_6709
DSC_6710
DSC_6710
DSC_6711
DSC_6711
DSC_6712
DSC_6712
DSC_6713
DSC_6713
DSC_6714
DSC_6714
DSC_6715
DSC_6715
DSC_6716
DSC_6716
DSC_6717
DSC_6717
DSC_6718
DSC_6718
DSC_6719
DSC_6719
DSC_6720
DSC_6720
DSC_6721
DSC_6721
DSC_6722
DSC_6722
DSC_6723
DSC_6723
DSC_6724
DSC_6724
DSC_6725
DSC_6725
DSC_6726
DSC_6726
DSC_6727
DSC_6727
DSC_6728
DSC_6728
DSC_6729
DSC_6729
DSC_6730
DSC_6730
DSC_6731
DSC_6731
DSC_6732
DSC_6732
DSC_6733
DSC_6733
DSC_6734
DSC_6734
DSC_6735
DSC_6735
DSC_6736
DSC_6736
DSC_6737
DSC_6737
DSC_6738
DSC_6738
DSC_6739
DSC_6739
DSC_6740
DSC_6740
DSC_6741
DSC_6741
DSC_6742
DSC_6742
DSC_6743
DSC_6743
DSC_6744
DSC_6744
DSC_6745
DSC_6745
DSC_6746
DSC_6746
DSC_6747
DSC_6747
DSC_6753
DSC_6753
DSC_6754
DSC_6754
DSC_6755
DSC_6755
DSC_6756
DSC_6756
DSC_6757
DSC_6757
DSC_6758
DSC_6758