Det er enno ikkje klart kven som blir ny hovutrenar for Vestnes Varfjelll i 2016. Knut Øyvind Hoem varsla sin avgang i haust for å gå tilbake til jobben som sportsleg leiar. Klubben har etter dette vore ute etter ny trenarm, og var også samd med Erik Krokvik frå MFK. Han glapp då han i staden fekk tilbod om å bli spelarutviklar i 1.-divisjonsklubben Jerv. Alexander Connor, som var trenar i ti sesongar før Hoem overtok, har tatt hand om treningane til no i vinter. På spørsmål frå Bygdebladet om han blir trenar komande sesong, svarer han. "Trenarspørsmålet er ikkje avklart. Dette er berre ei midlertidig løysing." Connor har også anvar for G16 og er trenar for kretslag.