Sunnmørsposten skriv tirsdag om forslaget til ny seriestruktur med fokus på den foreslåtte fylkesserie I 4. divisjon frå 2017. Spørsmålet avisa reiser er korleis dette skal organiserast. Bjørn Oskar Haukeberg i Sunnmøre fotballkrets seier til avisa at det blir opp til kretsene sjølve å bestemme dette. – Da det ble nytt opplegg i 3. divisjon sist var det like mange lag fra begge kretsene, så det er kanskje naturlig at det skjer igjen, seier Haukeberg til Sunnmørsposten. Det kan bety at det blir lettare å kvalifisere seg frå 4. divisjon Nordmøre/Romadal sidan kretsen berre har tre lag som kan komme ned frå 3. divisjon mot sju på Sunnmøre. I eit tenkt tilfelle der berre eitt av laga frå Nordmøre/Romsdal ikkje blir mellom dei fem beste i årets 3. divisjon, vil 6. plass vere nok til å bli med i ny 4. divisjon. Samtidig vil ei lik fordeling på dei to kretsane gje ei meir rettferdig reisebelastning på laga og kanskje auke oppslutninga for den nye serien? To lag skal rykke den frå ny 4. divisjon, noko som inneber at berre vinnarlaga i 5. divisjon Sunnmøre og Nordmøre/Romsdal rykker opp. Talet på nedrykkslag vil auke om meir enn eitt lag frå Møre og Romsdal rykker ned frå ny regional 3. divisjon og minke til eitt om ingen lag rykker ned.