Bygdebladet har spurt lokale 4.-divisjonsklubbar på begge sider av Ørskogfjellet kva dei synest om forslaget til nytt seriesystem som kan gje fylkesdekkande serie i 4. divisjon frå 2017. Alexander Connor, som er mellombels trenar for Vestnes Varfjell er positiv, og trur det vil fungere godt: - Det blir litt betre sportsleg nivå. Det blir heller ikkje så stor forskjell når det gjeld reiser, seier han til avisa. Styreleiar Glenn Skorgenes i Tomrefjord er også positiv: - Ny fjerdedivisjon gir sterkare konkurranse og endå betre sportsleg utbytte, seier han, og legg til at målet for Tomrefjord i år blir å halde seg i divisjonen. Også Skodje-trenar Ørjan Haram meiner forslaget er spennande, medan Torgeir Urekdal i Norborg seier meiningane er delta i hans klubb. - Den negative biten er lengre reiser og meir tidsbruk, seier han.