Gratulerer til Brattvåg som er vidare til 4. runde i cupen etter seier mot eliteserielaget AaFK på straffespark tirsdag. Tommy Kanishi Andreassen spelte nesten heile kampen for Brattvåg. Dei to andre vestnesingane i Brattvåg, Vegard Skare og Simon Tomren, vart sitjande på benken. Skare var imidlertid innpå då laget slo ut Hødd i førre runde. Fredag er det trekning, og etter at Molde rauk onsdag, er Brattvåg faktisk einaste lag att frå Møre og Romsdal i turneringa!