Vestnes Varfjell jaktar sine første poeng i årets 4. divisjon når Kristiansund BK gjestar Vestnes idrettspark fredag. KBK 2 rykka ned frå 3. divisjon i fjor og er eitt av laga som er venta å kjempe heilt i toppen i år. Sist laga møttest var i 2012, då vann kristiansunderane 7-2. Nirut Mjøs er ventelig i troppen for første gong denne sesongen. Elles har Ole Gunnar Kjærstad varsla eit sommarvikariat for moderklubben medan NTNUI har spelepause, men han er ikkje klar til i kveld. Ei solid forsterking. Møt opp og støtt heimelaget i kveld og mot Tomrefjord 16. mai!