Vestnes Varfjell hang godt med i første omgang, men rakna etter pause då seriefavoritt Kritiansund BK 2 gjesta Vestnes idrettspark fredag kveld. KBK hadde ballen mest frå start, men Vestnes Varfjell heldt stand nesten til pause. 0-1 kom på eit frispark som lurte seg forbi Vestnes Varfjell-forsvaret og keeper. Andre omgang starta med eit skot som gjekk via eit Vestnes Varfjell-bein og i mål. Gjestane, som er eit lag beståande av mange av dei beste juniorane på Nordmøre, sette opp tempoet og Vestnes Varfjell vart til tider rundspelt. Det gjekk ikkje lenge før det sto 5-0. Så var det ein lang periode der Vestnes Varfjell kom litt meir med i spelet, før gjestane sette inn tre nye skåringar mot slutten, det eine eit sjølvmål. Vestnes Varfjell avslutta kampen med fem spelarar frå G16. Liam Connor og Jonas Lervik fekk sin debut på A-laget i seriekamp. Alle unggutane greide seg godt, ikkje minst varta målvakt Fredrik Sivertsen Bergslid opp med fleire gode redningar som bakerste mann då forsvaret gjekk litt i oppløysing etter pause. Lervik hadde også ein stor sjanse til å sette inn eit trøstemål då han var først på ein retur etter at Svein Erik Lange Male var nære på med ei heading. Også tidlegare i andre omgang var Lange Male farleg i luftrommet. Elles var kampen prega av at Vestnes Varfjell mangla det lille ekstra for å trenge gjennom KBK-forsvaret. Nærast var Amund Stavem då han var igjenom og fann Juan Larsen føre mål på stillinga 0-4, men det ville seg ikkje. No ventar ny heimekamp 16. mai, då er det duka for lokalderby mot Tomrefjord som står med full pott så langt. KBK-trenar Kurt Mørkøre om kampen (via TK) | BILDEGALLERI FRÅ KAMPEN HER
Kampfakta:
Vestnes Varfjell - Kristiansund BK 2 0-8 (0-1)
Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Fredag 13. mai 2016 kl 19
Vestnes idrettspark, 40 tilskuarar
Mål:
0-1 (26) Thomas Christian Kjønnø Hoem
0-2 (49) Hart Al-Janabi
0-3 (58) Tobias Lysø Larsen
0-4 (62) Øyvind Sandnes Olsen
0-5 (68) Ådne Gikling Bruseth
0-6 (85) sjølmål (Nirut Mjøs)
0-7 (87) Tobias Weiseth Frantzen
0-8 (90) Øyvind Sandnes Olsen
Dommar: Modolf Holm, Isfjorden
Gult kort: Thomas Christian Kjønnø Hoem og Øyvind Sandnes Olsen, begge KBK 2
Vestnes Varfjell (4-3-3): Fredrik Sivertsen Bergslid; Yngve Solevågseide (Håkon Kjørvik 68.), Svein Erik Lange Male, Nirut Mjøs, Adrian Liabø - Sivert Nerheim (Christian Mario Leikarnes 46.), Vegard Ellingseter (Liam Connor 76.), Magnus Nerheim - Amund Stavem, Elling Olafsen (Jarle Løvik Salte 68.), Juan Rikard Larsen (Jonas Lervik 76.)