"Slaget om Vestnes" står i Vestnes idrettspark på "fotballens nasjonaldag" 16. mai kl 13. Sist laga møttest, i 2012, vann Vestnes Varfjell begge kampane; 2-1 i Tomrefjord og 6-0 på Vestnes. Ein gong før har laga spelt mot kvarandre på 16. mai. Det var i 1990 då ei sein skåring av Harald Innli gav Varfjell seieren 1-0. Tomrefjord, med dagens trenar Gunnar Eik på laget, hadde dominert stort. Får me ein reprise 16 år etter? Også i 2003 var det lokalderby 16. mai, då mot TIL/Fiks/Rek. Vestnes Varfjell vann 3-1 etter mål av Ronny Leikarnes, Oddgeir Vikås og eit sjølvmål. Les meir om tidlegare lokaloppgjer her. Møt opp i Vestnes idrettspark kl 13 for å få svaret. Tomrefjord er høgt oppe etter tre strake seierar i 4. divisjon, medan heimelaget står utan poeng. Det er venta mykje publikum og gode vermeldingar. Me håpar at heimepublikummet med Hegreberget i spissen møter opp og støttar heimelaget slik at det ikkje berre blir gult på tribuna.
Klart for lokalderby 16. mai kl 13
- Detaljer
- Skrevet av: Nettredaksjonen
- Kategori: Nyheter