Vestnes Varfjell måtte sjå seg slått med audmjukande 0-7 i lokaloppgjeret mot Tomrefjord 16. mai.  Stillinga ved pause var 0-2. Fullt fortent seier til eit bortelag som var mest "på hugget", men i alle fall fem av måla kom som følge av grove personlege feil av eit gavmildt heimeforsvar. Kampens høgdepunt: Ken Robin Hildre sitt andre mål der han lurte seg forbi og sette ballen kontant i motsatt hjøre og Yngve Eik Frostad sitt frispark frå 35 meter som gjekk inn heilt oppe i krysset. Heimelaget var ikkje utan sjansar, men ballen gjekk anten utanfor eller Tomrefjord-målvakt Eirik Taklo rydda opp. Rundt 450 tilskuarar, mange av dei frå Tomrefjord hadde møtt fram den fine maidagen. Meir seinare. Bildegalleri her og videoar kjem,

Laget: Heen Lien, Solevågseide (Løvik Salte), Lange Male, Mjøs, Liabø - S Nerheim, Ellingseter (Sylte 83.), M Nerhein - Ahmadi (Larsen 63.), Olafsen, Stavem