Vestnes Varfjell gjer som i 2012 og legg delar av sesongoppkøyringa til Spania. Me kjem tilbake med fleire detaljar rundt treningsleiren. Elles blir det som vanleg mykje sunnmørsmotstand i treningskampane. Desse treningskampane er spikra: 15. januar mot Herd 2, 14. februar mot Godøy, 3.mars mot Eidsvåg, 8.mars mot Norborg og mot Langevåg i månadskiftet mars/april. I tillegg kjem to treningskampar i Spania under treningsleiren.