To nye spelarar er klare for Vestnes Varfjell. Karl Arne Stokkeland returnerer til moderklubben etter å ha spelt i KFK i 3. divisjon dei to siste sesongane. Han har også ei fortid i MFK i 2. divisjon og Eidsvåg. Markus Brudeseth kjem frå Åndalsnes. Måndalingen har vore ein flittig målskårar for ÅIF dei siste sesongane, heile 18 mål i 4. divisjon i 2014-sesongen. Begge er solide forsterkingar som blir ønska velkommen til Vestnes Varfjell! I tillegg er Ørjan Tangen nærme eit comeback. Bildet viser A-lagestrenar Alexander Connor saman med Brudeseth på treninga måndag kveld.
Stokkeland og Brudeseth har signert!
- Detaljer
- Skrevet av: Nettredaksjonen
- Kategori: Nyheter