Varfjell.no ønskjer alle sine lesarar godt nyttår og velkommen tilbake i 2017. Nettsidene har no vore i drift i 20 år, og sjølv om mykje av nettlesinga er flytta over på Facebook og Twitter, vil det framleis vere behov for ei side som dette. Litt oftare oppdatering bør vere eit mål for det nye året, som også er eit jubileumsår for Vestnes-fotballen. I 2017 er det 50 år sidan fotballgruppene i Tresfjord og Vestnes samla seg til det som etter kvart vart Varfjell. A-laget berga plassen i siste liten og går på ein ny sesong i ein 4.-divisjon som blir den tøffaste på mange år. Med våre beste spelarar tilbake og solid rekruttering frå eit godt guttelag, ser framtida lys ut for Vestnes Varfjell. Julegåva frå styret var nytt kunstgrasdekke, noko som har vore etterlengta. Seinare kjem det nytt klubbhus med overbygd tribune. Det er berre å glede seg!