Vestnes Varfjell-leiar Kai Magne Stokkeland er intervjua av Bygdebladet etter opprykket til 3. divisjon. Her gjentek han det han tidlegare har sagt, nemleg at målet på lengre sikt er opprykk til 2. divisjon. - Det ligg nokre år fram i tida, men når eg ser alle dei gode 15-16-17-åringane som kjem opp, ser eg stammen av eit lag Vestnes Varfjell aldri har hatt før, seier Stokkeland til avisa, og legg til:

- No må vi først etablere oss i 3. divisjon. Det skal vi greie med hardt arbeid. Mange av dei unge spelarane har fått speletid på A-laget i år. Til neste år vil dei bli endå betre. Eg er overtydd om at Vestnes Varfjell vil ha eit sterkare lag neste år, enn i år.

Han seier godt talentarbeid gjennom mange år er årsaka til framgangen, men at kunstgrasbana har gjort treningsarbeidet lettare.