Alexander Connor skreiv under ein toårskontrakt føre denne sesongen, og held fram som trenar for A-laget til Vestnes Varfjell også neste sesong. Det stadfestar Geir Åge Sylte til varfjell.no, etter tidlegare meldingar kunne tyde på at kontrakten gjekk ut i år. Klubbleiar Kai Magne Stokkeland seier til Bygdebladet: - Han har gjort ein svært god jobb med laget. Han er klart førstevalget mitt. Til varfjell.no seier Stokkeland at han ikkje var klar over at Connor hadde toårskontrakt, men at han er glad for at suksesstrenaren skal leie laget vidare. Også andre klubbar i 3. divisjon arbeider med trenarspørsmålet, der nokre alt er på plass:
Romsdals Budstikke skriv at Kent Rudning held fram som hovedtrenar i Træff, no med Kenneth Silseth som assistent.
Tidens Krav hadde før helga ein oversikt over laga på Nordmøre. Sunndal skal ha trenar i full stilling, og hadde i helga den tidlegare Sogndal-spelaren Rhonny Nilsson frå Sverige på besøk. I Surnadal vil Asbjørn Bjørseth truleg halde fram. Dahle håper i følge same avis at Rune Hoem held fram, medan Rune Nordhaug har kontrakt med KBK 2 også neste år.