Det kan gå mot eit samarbeid mellom klubbane i Vestnes om eit felles juniorlag neste sesong. Både leiar Kai Magne Stokkeland i Vestnes Varfjell og fotballeiar Leif Djupvik i Tomrefjord opnar for ei slik løysing i intervju med Bygdebladet laurdag. Same avis skriv at Fiksdal/Rekdal skal stille eige A-lag komande sesong, etter brotet med Tomrefjord. Dermed er dei også ein aktull i samarbeidet om eit kommunale juniorlag, slik det har vore også tidlegare, under namnet Vestnes junior. Einaste minuset med ei slik løysing er at laget ikkje kan delta i juniorcupen. Vestnes Varfjell skal drøfte saka på eit spelarmøte kommande fredag klokka 18.00 i klubblokalet i bordtenninshallen.