Fredag kl 19 startar alvoret for Vestnes Varfjell i 4. divisjon. Sunndal, eitt av laga som er tippa i toppen, er gjestar i Vestnes idrettspark. Trenar Alexander Connor er optimist før sesongstart. Treningskampane har svinga frå seier 3-2 mot Eide til tap 0-11 mot Emblem. Det siste kan tyde på at lagets svake punkt frå i fjor, forsvarrsspelet, framleis er eit problem, men Connor trur laget skal greie å vere tettare bakover i år. Han rår over omtrent same stall som i fjor pluss 4-5 nye fjes og fleire spelarar frå det lovande G16-laget han også trenar. Sander Valde og Vegard Ellingseter er nye i stallen, begge kjem frå spel i Fiksdal/Rekdal, men har spelt for Vestnes Varfjell også tidlegare. Ny er også Abu Sesay, ein flyktning som har kome til Vestnes og som blir ein spanande tilvekst. I tillegg er målvakt Lars Håvard Heen Lien tilbake frå Åndalsnes, medan broren Ole Håkon (meldt overgang til Korsvoll) er mellom spelarane i avgang. Alt i fjor haust forsvann Ole Gunnar Kjærstad til NTNUI, samtidig som Marius Ulla gjekk tilbake til Volda etter ein gjesteperiode i marineblått. Trond Klokset, som bidrog til fleire viktige poeng i fjor, har heller ikkje vore med så langt i år, det same gjeld Ørjan Tangen.

Sunndal har Torgeir Ruud Ramsli (midt på bildet frå fjorårets kamp), med spelarerfaring mellom anna frå Molde og HamKam, som ny trenar. Avisa driva skriv at klubben no satsar friskt for å igjen bli mellom dei beste i kretsen. Trenaren seier til avisa at det var ei letta spelargruppa etter at det var klart at ingen lag kan rykke opp i år. - Nå er det ikke noe press, men vi skal være med i toppen, sier Ruud Ramsli til avisa. Begge kampane i fjor endte 4-3 til Sunndal. Oversikt over tidlegare kampar her.

Møt opp og støt heimelaget i kampen om poeng! OPPDATERING VIA TWITTER