Vestnesavisa presenterte onsdag fleire tabelltips for 4. divisjon frå lokale ekspertar. Både tidlegare Vestnes Varfjell- og Tomrefjord/Fiksdal/Rekdal-trenar Dag Nakken og Jon Ragnar Halkjelsvik i Vestnesavisa tippar nyopprykka Tomrefjord heilt oppe på ein 4. plass, medan dei trur Vestnes Varfjell vil kjempe i andre enden av tabellen - høvesvis som nummer 10 og 8. Tomrefjord-trenar Gunnar Rune Eik er meir nøktern på vegne av eige lag, men tippar ein 6. plass. Vestnes Varfjell har han plassert heilt nede på 10. plass. Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor er den einaste om trur Vestnes Varfjell skal halde på trona som best i kommunen. Han han tippar eige lag på 7. plass, med Tomrefjord på plassen bak.. Tippeselskapet Nordicbet hadde først Vestnes Varfjell, men har no sett ned oddsen på Tomrefjord.