Fortballkretsen har sendt ut informasjon om opp- og nedrykk i lokalfotballen for 2016. Det har tidlgare vore klart at ingen lag kan rykke opp frå 4. divisjon, men kva som skjer i andre enden av tabellen og om det blir opprykk frå 5. divisjon har vore uklart. Nøkkelen ligg i 3. divisjon, der berre dei 4 beste i 3. divisjon og 8 av 12 lag på 5. plass får plass i ny regional 3. divisjon. Nordmøre og Romsdal har med tre lag (Træff. KFK og Surnadal) og kor mange av desse som eventuelt rykker ned, styrer nedrykket frå 4. divisjon.  Dersom ingen lag kjem ned, vil lag nr 12 rykke ned i 5. divisjon medan vinnar av 5. divisjon rykker rett opp. Meir sannsynleg er det at eitt lag kjem ned, då blir det nedrykk på lag nr 12 og kvalik mellom lag nr 11 og vinnar av 5. divisjon. Vedtaket inneber også at det blir 12 lag i 4. divisjon også frå 2017 sjølv om tingvedtaket opna for 14 lag. Les alt her.

Scenarioa er som følger:

Ingen av de 3 lagene rykker ned fra 3. div:

Vinner i 5. og 6. div rykker opp.
Lag 12 i 4. og 5. div. rykker ned.

1 lag rykker ned fra 3. div:

Vinner i 5. og 6. div spiller kvalik om opprykk mot lag nr. 11 i 4. og 5. div.
Lag 12 i 4. og 5. div. rykker ned.

2 lag rykker ned fra 3. div:

Vinner i 5. og 6. div spiller kvalik om opprykk mot lag nr. 10 i 4. og 5. div.
Lag 12 og 11 i 4. og 5. div. rykker ned.

Alle 3 lagene rykker ned fra 3. div:

Vinner i 5. og 6. div spiller kvalik om opprykk mot lag nr. 9 i 4. og 5. div.
Lag 12 , 11 og 10 i 4. og 5. div. rykker ned.