Vestnes Varfjell heldt følge i ein omgang, men måtte til slutt sjå seg slått 1-4 av Molde 1 i serieopninga i G16 1. divisjon måndag. Knut Stian Eik var tidleg aleine med keeper og hadde sjansen til å gje Vestnes Varfjell ein flying start på Aker stadion. Så tok Molde over, før Vestnes Varfjell kom sterkare mot slutten av omgangen og hadde sjansar på skotforsøk frå David Sissko og Jarle Løvik Salte. Molde 1, som vann tosifra i fleire kampar i kvalifiseringa til 1. divisjon, tok leiinga tidleg i andre omgang og auka til 4-0 før David Sissko greide å sette inn eit reduseringsmål. Uansett god innsats mot ein av dei store seriefavorittane på bortebane. Neste kamp er mot Træff 1 tirsdag 19. april. Tabell og kampar her>>
G 16: Jamnt lenge, men tap mot Molde 1
- Detaljer
- Skrevet av: Nettredaksjonen
- Kategori: Nyheter