Igjen har vandalar vore på ferde og brote seg inn i klubbhuset i Vestnes idrettspark. Lite eller ingenting er tatt, men eit toalett er knust slik at det har komme vatn på golvet. NRK Møre og Romsdal har snakka med Alexander Connor og Knut Øyvind Hoem som begge er lei av hærverket. Politiet har oppretta sak og ber om tips på telefonnummer 02800. Også i sommar var det innbrot i klubbhuset, og nyleg varti ein mann frå Ålesund dømt ifølge Bygdebladet.