Adelskalenderen over spelte serie- og NM-kampar for A-lager er oppdatert. Her ser me at Alexander Connor har passert Roger Valldal og inntatt 4.-plassen med sine 296 kampar. Connor spelte i år fleire kampar enn på mange sesongar, men må altså spele ein sesong til for å passere 300 kampar. Også Yngve Solevågseide avanserer i toppen og er no likt med Bjørn-Vegard Løvik på 6. plass. Spelarane som passerte runde kamptal vart heidra på årsfesten. Det var Ørjan Tangen, passert 150 kampar; Magnus Nerheim, Svein Erik Lange Male og Thomas André Brastad passert 100 kampar og Ole Gunnar Kjærstad og Sivert Nerheim, passert 50 kampar.  SJÅ HEILE ADELSKALENDEREN HER (dagens aktive har plasseringsnr frå 2014)