Vegard Ellingseter og Sander Valde kjem frå spel for Fiksdal/Rekdal, mendan Christian Mario Leikarnes kjem frå Ekholt Ballklubb. Leikarnes (16 kampar 1 mål) og Valde (22 kampar, 1 mål) vender tilbake til moderklubben. Valde speler helst i forsvar, medan Leikarnes mest har vore nytta framover på bana Også Ellingseter (30 kampar 6 mål), som er ein teknisk god og målfarleg midtbanespelar, har spelt for Vestnes Varfjell tidlegare. I år var han kåra til "årets poengsamlar" i Fiksdal/Rekdal, det vil seie den spelaren som hadde flest skåringar og målgjevande. Fotballleiar Knut Øyvind Hoem er godt fornøgd med nysigneringane. Vestnes Varfjell-stallen trengte påfyll etter at mellom andre kaptein Ole Gunar Kjærstad (NTNUI) og Marius Ulla (Volda) forsvann til studiar i haust.