Per Ottar Bjørdalsbakke og Kai Magne Stokkeland vart utnemnt til nye æresmedlemmar i Vestnes Varfjell IL på årsfesten laurdag. Begge to har lang fartstid bak seg i idrettslaget. Bjørdalsbakke var i mange år aktiv i friidrettsgruppa og ein av stiftarane av Flatevågen rundt. Han er framleis å sjå som invrig kioskvakt på heimekampane i Vestnes idrettspark. Stokkeland debuterte som målvakt på Varfjell i 1980, og har 17 år som styremedlem og leiar i Vestnes Varfjell. Mykje av utviklinga i Vestnes idrettspark, mellom anna med kunstgrasdekke, skjedde i hans leiartid. Også den nye utmerkinga "Gullmerket" vart delt ut for første gong. Her er kravet 20 år som aktiv/leiar. Alexander Connor (mangeåring trenar og spelar), Marinne Sæther (mange år i administrasjon mellom anna med ansvar for at det kjem reklame på alle klubbklede) og Ronny Leikarnes (tidenes toppskårar og den med fleste kampar i Varfjell), fekk merket som dei første i historia. A-lagsspelarane kåra Amund Stavem til årets spelar. Det vart ikkje kåring av årets unge spelar i år. Fleire fekk statuettar for runde kamptal; 150 kampar: Ørjan Tangen (iikkje til stades) 100 kampar: Svein Erik Lange Male, Thomas André Brastad og Magnus Nerheim. 50 kampar: Ole Gunnar Kjærstad og Sivert Nerheim. Elling Olafsen mottok toppskårartrofeet for sine 15 skåringar i årets 4. divisjon. Rundt 100 medlemmar deltok på årsfesten med julebord på Vestnes Fjordhotell. FLEIRE BILDE HER
Bjørdalsbakke og Stokkeland nye æresmedlemmar
- Detaljer
- Skrevet av: nettredaksjonen
- Kategori: Nyheter