Vestnes Varfjell er i ferd med å styrke spelarstallen. Jo Sigurd Vold frå Måndalen har trent med laget i vinter, og Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor har lyst til å sjå den erfarne midtstopparen i marineblå drakt i 2013. - Han har glidd godt inn i miljøet og er positiv med tanke på ein overgang. Dette vil vere ei fin forsterking for oss, seier Connor. Også fleire nye og gamle fjes har vore å sjå i trening og kamp i vinter. Thomas André Brastad frå Tomrefjord er aktuell som ny målvakt. Brastad, som spelte ute siste han var i Vestnes Varfjell, var ein lovande keeper tidleg i karriera og blir ein utfordrar til Svale Leren om å bli ny sisteskanse etter at Alexander Aarø gjekk til Træff. Også ungguten Kevin Gravdehaug kjem frå Tomrefjord. Connor seier det i tillegg blir jobba for å få på plass 1-2 nye spelarar til. Om stallen elles er sistuasjonen denne:
Opp frå eigen juniorstall kjem Sivert Nerheim - son av klubblegende Bjarne Nerheim og bror av Magnus som alt er i A-stallen. Connor har også tru på at fleire unggutar vil ta nye steg denne sesongen.
Bortsett frå Aarø har ingen forlatt klubben i vinter, men det har komme spørsmål frå Brattvåg på Vegar Skare og Tommy Kanishi Andreassen. Begge held fram i Vestnes Varfjell.
Nirut Mjøs får trent lite grunna sin jobb som trailersjåfør, men er med i planane også for 2013-sesongen.
Ronny Leikarnes og Trond Klokset har ikkje vore med til no, men Connor trur begge vil spele ein rolle i løpet av sesongen.
- Samtidig har me no ein stor og brei stall med kamp om plassane, slik at det ikkje blir lett å berre komme med etter kvart, seier Vestnes Varfjell-trenaren.
I haust og i sommar har han også håp om å få nytte av Per Kristian Os Nakken, som har flytta til Oslo, og Marius Ulla som no er i Fart grunna studiar på Hedmarken.