Vestnes Varfjell slo 3.-divisjonslaget Stranda 6-4 i en treningskamp torsdag kveld. Kampen vart spelt i Vestnes idretspark. - Igjen ei god gjennomkøring mot god motstand. Det er sterkt å skåre seks mål mot eit bra 3.-divisjonslag, men eg er ikkje fornøgd med at me samtidig slepp inn fire mål - dei fleste på dødballar. Snøfallet skapte litt vanskar mot slutten, men ikkje verre enn at det gjekk greit. Takk til Stranda som tok vegen over fjellet i uveret, seier Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor. Tore Akselsen vart tremålsskårar, medan Amund Stavem, Elling Olafsen og Karl Arne Stokkeland noterte seg for eitt mål kvar. Neste kamp er mot Rollon på same bane om ei veke. Stranda om kampen. Kampfakta og lagoppstilling:
Kampfakta
Vestnes Vafjell - Stranda 6-4 (3-2)
Treningskamp
Torsdag 28. februar 2013 kl 18.30
Vestnes idrettspark
Tilskuarar: 20
Mål:1-0 (str) 5 min Tore Akselsen
1-1 15 m min
1-2 20 min (str)
2-2 23 min Amund Stavem
3-2 33 min Tore Akselsen
3-3 51 min
4-3 65 min Tore Akselsen
4-4 66 min
5-4 76 min Elling Olafsen
6-4 80 min Karl Arne Stokkeland
Dommar: Johnny Svensli, Vestnes Varfjell
Laget: Svale Leren (Thomas Brastad 45 min) - Magnus Nerheim (Ole Gunnar Kjærstad 74 min), Yngve Solevågseide, Svein Erik Lange Male, Kevin Gravdehaug (Nirut Mjøs 70 min) - Vegar Skare, Karl Arne Stokkeland, Elling Olafsen - Tore Akselsen (Amund Stavem inn igjen 81), Amund Stavem (Sondre Akselsen 74 min), Tommy Kanishi Andreassen