Også denne vinteren har Vesntes Varfjell tenkt seg utanlands på treningsleir. 20.-27. mars går turen til Side i Tyrkia. Det er reservert 30 plassar på flyet frå Vigra, men trenar Alexander Connor reknar med at det blir ein tropp på rundt 20 spelarar pluss leiarar som dreg sørøver. Til no er det avtalt kamp mot Herd, som blir trent av tidlegare AaFK-spelar Amund Skiri, men det blir jobba for å få på plass ein kamp til. I fjor var laget på eit tilsvarande opplegg utanfor Barcelona i Spania. - Det gav meirsmak, og me håpar at dette også i år skal gje gode opplevingar både sportsleg og sosialt som me kan ta med oss inn i seriespelet, seier Connor. Les meir om treningsleiren på nettsida til Cupspesialisten.
Årets treningsleir går til Tyrkia
- Detaljer
- Skrevet av: Nettredaksjonen
- Kategori: Nyheter