Vestnes Varfjell spelar sin siste heimekamp for sesongen når Åndalsnes kjem på besøk til lokalderby laurdag. Gjestane er framleis ikkje heilt sikra spel i neste års 4. divisjon, medan Vestnes Varfjell ikkje har anna å spele om enn å bli nummer 7 og dermed best av laga på nedre halvdel av tabellen. Laget har også eit 1-4-tap frå vårkampen å revansjere. Dette var også første kamp ÅIF vann i år og starten på ei rekke gode kampar som gjer at laget no har to lag bak seg på tabellen. Oversikt over tidlegare oppgjer her. Sjølv om Tresfjorbrua enno ikkje er opna, håpar me på godt oppmøte av tilhengarar av begge lag. Avspark er klokka 15. Lagoppstillingar kjem her. Som vanleg blir det oppdateringar via Twitter.
Lokaloppgjer i siste heimekamp laurdag klokka 15
- Detaljer
- Skrevet av: nettredaksjonen
- Kategori: Nyheter