I dag kan me gratulere Surnadal IL med opprykk frå 4. divisjon Nordmøre og Romsdal. Laget har vore det klart beste laget i haust og sikra ein fortent retur til 3. divisjon etter seier 3-1 borte mot Midsund laurdag samtidig som utfordrar Sunndal vart heldt til 1-1 borte mot Åndalsnes. AK vann sin kamp 7-1 heime mot Dahle etter fem mål av Christoffer Folland, men kan ikkje ta att Surnadal med berre to kampar att å spele. Einaste spenning i 4. divisjon er dermed kven som ender sist og skal møte Tomrefjord i kampen om den siste plassen i neste års 4. divisjon. Dahle ligg dårlegast an, men også Midsund - eitt peong bak - er i fare. Dersom KBK 2 (som sikra eitt viktig poeng etter 1-1 mot opprykksklare Brattvåg med Vegar Skare på laget, men utan skadde Tommy Kanishi), rykker ned, blir det kvalik på lag nummer 11. Tabellen i 4. divisjon>>