Vestnes Varfjell-spelarane hadde stilt inn skotfoten då laget møtte Åndalsnes i siste heimekamp i 4. divisjon laurdag. Tre harde og velplasserta avslutningar var nok til at fekk laget tatt att for tapet i vårkampen. Amund Stavem banka inn dei to første, Magnus Nerheim det tredje. Åndalsnes var likevel godt med i kampen og skapte spenning mot slutten med si redusering til 3-2 tolv minutt før slutt. - Me vinn fortent. Dette var ein kamp me burde avgjort tidlegare, sa trenar Knut Øyvind Hoem etter kampen.
Spesielt i første omgang var heimelaget førande både i spel og sjansar. Elling Olafsen hadde dei to første sjansane; heading like over og skot like utanfor før kvarteret var spelt. Så sat den då Amund Stavem fekk tid til eit velplassert skot frå rundt 20 meter i det 16. minutt. 25 minutt var spelt då Stavem la opp til Olafsen som fekk avslutta på hovudet, men ÅIF-keeper Isak Gangeskar (målvakttalent som MFK henta frå Tornado Måløy) varta opp med ei feberredning og hindra skåring. Minuttet etter var det ingen som kunne hindre 2-0. Stavem fekk skikkeleg treff etter ein corner og ballen small i nota. Så var det Adrian Gabrielsen i Vestnes Varfjell-målet som måtte ta fram ei redning frå øverste hylle. Ein ÅIF-spelar var igjennom, men Gabrielsen fekk ein finger på ballen som dermed gjekk i stolpen og ikkje i mål. Ei dobbelredning i andre enden hindra 3-0 etter forsøk frå Kalle Bredeli Olfasen, før gjestane kunne gå til pause med ei redusering etter eit vellykka frisparktrekk.
Andre omgang vart ikkje like sjanserik. ÅIF hadde den første store sjansen på ei kontring, før Magnus Nerheim sendte heimelaget to mål føre igjen med eit kontant skot i mål frå 16 meter. Vestnes Varfjell hadde no god kontroll på kampen, men vart litt for sjøsikre og tok litt store sjansar til tider. Det førte til balltap midt på eigen banehalvdel slik at ÅIF kunne redusere på eit fint langskot. Dermed var det ny spenning i kampen, men heimelaget heldt unna og sikra seg alle tre poenga.
Målskårarane Stavem og Magnus Nerheim var gode i periodar, men aller best var nok Sivert Nerheim og midtstoppar Nirut Mjøs. God kamp også av Preben Hovde på venstrebacken.
Bortekampen mot Elnesvågen står no att før sesongen 2015 er historie.
Eit artig poeng på slutten då to brør spelte for kvart sitt lag. Ole Håkon Lien kom innpå for Vestnes Varfjell, medan Lars Håvard Heen Lien fekk stå dei siste minutta som målvakt for ÅIF.Pappa og Vestnes-ordførar såg på frå sidelinja, men forsikra at han heldt med heimelaget.
Kampfakta:
Vestnes Varfjell - Åndalsnes 3-2 (2-1)
Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Laurdag 10. august 2015 kl 15
Vestnes idrettspark, 65 tilskuarar
Mål:
1-0 (16) Amund Stavem
2-0 (26) Stavem
2-1 (42)
3-1 (49) Magnus Nerheim
3-2 (78)
Dommar: Terje Sorthe, Hjelset-Kleive
Ingen kort
Vestnes Varfjell (4-3-3): Adrian Gabrielsen; Yngve Solevågseide (Thomas André Brastad 83.), Svein Erik Lange Male, Nirut Mjøs, Preben Hovde - Sivert Nerheim, Alexander Connor (Juan Larsen 30.), Magnus Nerheim - Amund Stavem, Elling Olafsen, Karl-Edvard Bredeli (Ole Håkon Lien 67.)