NFF Nordmøre og Romsdal har bestemt at Sunndal skal vinne 3-0 på walkover i den utsette kampen i 4. divisjon mot Vestnes Varfjell. 4. divisjon Nordmøre og Romsdal er dermed ferdigspelt.
Etter mye om og men vart dette altså konklusjonen. Kampen var utan betydning då Vestnes Varfjell for lengst hadde rykka ned og Sunndal låg trygt plassert rundt midten av tabellen.
Kretsen gav klubbane frist til å finne ein dato, men dette viste seg altså vanskeleg. For Vestnes Varfjell var det vanskeleg å få med nok folk på ein kveldskamp ein dag midt i veka. Sunndal, på si side, kunne ikkje stille på helg.
Kampen var terminfesta til Sande stadion laurdag 11. oktober klokka 14. Dette var den dagen ekstremværet Amy herja. Kampen vart først flytta til kunstgras, før Sunndal kommune like før klokka 22 fredag kveld bestemte seg for å stenge av området der bana ligg på grunn av fare for jordras. Dermed måtte kampen utsettast.
Sidan har det vore mykje att og fram for å finne ein nye dato, der kretsen til slutt konkluderte med at det ikkje var muleg. Vestnes Varfjell er dermed dømt som "ikkje møtt" og taper dermed kampen 0-3 etter reglane.
Sunndal-trenar Emil Melkild Loe seier til lokalavisa Aura Avis tirsdag at dei gjerne skulle ha spelt kampen:
– Vi har forsøkt å gi dem fire datoer til å spille på, men de har ikke stilt på noen av dem, på grunn av mangel på folk. De kunne ikke spille denne uka, så da bestemte kretsen at vi skulle vinne på walkover. Det hadde vært artig å spille kamp, selvfølgelig, men vi tar jo tre poeng
Vestnes Varfjell-oppmann Lars Håvard Heen Lien seier dette berre er halve sanninga.
– Me foreslo å spele søndag som var, men då kunne ikkje dei. Så kom dei med forslag om kun vekedagar, og det blei vanskelig for oss. Då kjem me jo oss ikkje heim før seint midnatt, seier Heen Lien.
Med andre ord passa det lite å dra på årets lengste bortetur i midtveka når folk skal opp på arbeid og skule dagen etter. Dessutan er det ikkje å stikke under ein stol at det ikkje er flust med spelarar tilgjengeleg no når sesongen eigentleg skulle ha vore over. At kampen dessutan var utan betydning har nok ikkje auka motivasjonen.
PS: Det er første gong sidan 1996 at ein A-kamp med Vestnes Varfjell involvert blir avgjort på denne måten. Då var det Kårvåg/Havørn som etter gjentatte forsøk ikkje greidde å stille til kamp på Vestnes,
Sluttabellen for 4. divisjon Nordmøre og Romsdal ser dermed slik ut:
| Nr | Lag | K | V | U | T | Mål | Diff | P |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 1 | Træff 2 | 20 | 17 | 1 | 2 | 88 - 16 | 72 | 52 |
| 2 | Midsund | 20 | 15 | 4 | 1 | 82 - 17 | 65 | 49 |
| 3 | Elnesvågen | 20 | 15 | 2 | 3 | 82 - 25 | 57 | 47 |
| 4 | Averøykam | 20 | 9 | 3 | 8 | 42 - 57 | −15 | 30 |
| 5 | Sunndal | 20 | 9 | 1 | 10 | 28 - 46 | −18 | 28 |
| 6 | Åndalsnes | 20 | 8 | 2 | 10 | 44 - 53 | −9 | 26 |
| 7 | Dahle | 20 | 6 | 4 | 10 | 54 - 68 | −14 | 22 |
| 8 | Eide | 20 | 6 | 3 | 11 | 38 - 61 | −23 | 21 |
| 9 | FCK | 20 | 6 | 2 | 12 | 35 - 63 | −28 | 20 |
| 10 | Malmefjorden | 20 | 5 | 0 | 15 | 34 - 87 | −53 | 15 |
| 11 | Vestnes Varfjell | 20 | 2 | 2 | 16 | 14 - 48 | −34 | 8 |
| Frei | Ute (29.05.2025) | |||||||