Vestnes Varfjell avslutta med stil heime og slo Frei heile 9-1 fredag. Stillinga ved pause var 4-0. Frei kom til Vestnes utan innbyttarar, og det var tidleg klart at dette var ein kamp heimelaget kom til å vinne. Åtte spelarar noterte seg for skåringar, Magnus Nerheim var den einaste med to nettkjenningar. Han vart også kåra til banas beste. Hans andre mål var av det spektakulære slaget: Eit frispark frå rundt 40 meter som gjekk over Frei-målvakta og i mål! Elles var det debut for Adrian Gabrielsen. Juniormålvakta sto ein prikkfri kamp. Han vart rett nok ikkje sett på dei store prøvene, men rakk i alle fall å varte opp med ei flott redning. Thomas Brastad fekk dermed sleppe til som utespelar, der me helst håper å sjå han også neste sesong. Han rakk også å skåre. Det same gjorde Svein Erik Lange Male, som gjorde comeback etter langvarig skade då han sette inn 9-1 med kampens siste spark. KFK borte er siste kamp for sesongen. Slik kom måla og kampfakta:
Slik kom måla:
| 1-0 Sivert Nerheim, velplassert skot ute ved stolpen etter innlegg frå Amund Stavem |
7 min |
| 2-0 Amund Stavem, spissen kjem seg fri i feltet og plasserer skotet ute ved lengste stolpe |
23 min |
| 3-0 Elling Furland Olafsen, langskot som lurer seg forbi keeper |
39 min |
| 4-0 Thomas Andre Brastad, midstopparen er framme og set inn ein retur |
44 min |
| 5-1 Vegar Bjørkevoll Skare, Tommy Kanishi headar mot mål, og Skare hjelper ballen over streken |
66 min |
| 6-1 Magnus Nerheim, frispark frå rundt 40 meter går over keeper |
83 min |
| 7-1 Kevin Andre Gravdehaug, rundar keeper etter perfekt framspel av Olafsen |
84 min |
| 8-1 Magnus Nerheim, Nerheim blir tomålsskårar etter fint framspel av Gravdehaug |
87 min |
| 9-1 Svein Erik Lange Male, skot frå kloss hald blir det siste som skjer i kampen |
90 min |
Frei si redusering til 1-4 kom på straffespark ved Arne Johan Betten etter 64 minutt. Vestnes Varfjell rota det litt til for seg i forkant og det endte med felling av ein Freispelar innanfor 16-meteren.
Merk at Tommy Kanishi for ein gongs skuld ikkje kom på skåringslista. Kapteinen hadde sine sjansar, og Skare sitt mål var ferdigskåra av Kanishi.
KAMPFAKTA
KAMPREFERAT
| 7 | Spillemål | Sivert Nerheim | ||
| 23 | Spillemål | Amund Stavem | ||
| 39 | Spillemål | Elling Furland Olafsen | ||
| 44 | Spillemål | Thomas Andre Brastad | ||
| 52 | Bytte inn | Kevin Andre Gravdehaug | ||
| 52 | Bytte ut | Amund Stavem | ||
| 64 | Straffemål | |||
| 66 | Spillemål |
Karl Arne Stokkeland |
||
| 75 | Bytte inn | |||
| 5 | Bytte ut | Sivert Nerheim | ||
| 83 | Spillemål | Magnus Nerheim | ||
| 84 | Spillemål | Kevin Andre Gravdehaug | ||
| 85 | Bytte inn | Jørgen Liabø Hovde | ||
| 85 | Bytte ut | Elling Furland Olafsen | ||
| 86 | Bytte inn | Svein Erik Lange Male | ||
| 86 | Bytte ut | Tommy Kanishi Andreassen | ||
| 87 | Spillemål | Magnus Nerheim | ||
| 90 | Spillemål | Svein Erik Lange Male |